Biologi 1
Feltarbeid
Undersøkingar i felt er grunnlaget for kunnskapane vi har om samspelet mellom organismane og det miljøet dei lever i. I felt skal de gjere eigne observasjonar og bruke desse til å sjå samanhengar i økosystem.
Feltarbeid i myra
I dette emnet finn de forslag til ulike feltarbeid som de kan gjennomføre i eit myrøkosystem. Kartlegg abiotiske og biotiske faktorar, finn døme på korleis faktorane påverkar kvarandre, og undersøk korleis artar er tilpassa eit liv i myra.