Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Blodtypebestemming

I dette forsøket skal du avgjere blodtypen ved hjelp av anti A- og anti B-serum, og lære om korleis antistoff og antigen reagerer med kvarandre.
Hand med hanskar held finger med bloddrope på tuppen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hensikt

I dette forsøket skal du:

  • sjå korleis blod klumpar seg saman (agglutinerer) når det blir blanda med eit antistoff, og lære kvifor det skjer
  • lære deg å bestemme blodtypar
  • få betre grunnlag til å forstå korleis allela i genotypen vår fastset eigenskapane våre
  • lære om korleis antistoff og antigen reagerer med kvarandre, spesielt i AB0-systemet

Innleiing

Anti A-serum og anti B-serum er tilsett farge for at vi skal kunne skilje seruma frå kvarandre. Her er anti A blå og anti B gul.

Utstyr og løysningar
  • objektglass
  • to fyrstikker
  • steril blodlansett
  • sprit
  • plaster
  • 2 dekkglas
  • mikroskop
  • anti A-serum
  • anti B-serum
  • klorin (kloricidin)

Framgangsmåte

Ein finger med bloddrope over eit objektglas. Foto.
  1. Noter kva for farger seruma med antistoff har.
  2. Skriv A og B på kvar sin ende av objektglaset.
  3. Bruk ein steril blodlansett til å stikke eit lite hol på ein av dine eigne fingrar, etter at du har reingjort fingeren med sprit og bomull.
  4. Overfør ein drope blod til kvar ende av objektglaset.
  5. Set plaster på fingeren slik at det ikkje blir noko søl av blod.
  6. Dryp ein drope anti A-serum på ein ende og ein drope anti B-serum på den andre.
  7. Bruk bakenden av ei fyrstikk til å blande blod og anti A-serum, og ei anna fyrstikk til å blande blod og anti B-serum.
  8. Vent i eitt minutt. Sjå etter samanklumping i bloddropane. Fastset blodtypen ved hjelp av tabellen i artikkelen Blodtypar og blodoverføring.
  9. Legg på dekkglas og studer i mikroskop. Sjå på preparat som har klumpa seg og ikkje. Du kan sjå i mikroskopet hos medelevar om du berre har ein type sjølv.
  10. Avfallshandtering:

    • Skarpe gjenstandar samlar du i ein solid behaldar av kartong, tjukk plast eller glas. Hugs å lukke behaldaren godt før du kastar han i restavfallet.

    • Anna avfall med blod samlar du i ein pose som du knyter igjen før du kastar han i restavfallet.
      (Obs! Regelverket for handtering av biologisk avfall blir bestemt av kvar kommune. Sjekk med kommunen din om dette er ein godkjend måte å levere avfallet på.)

Glasplate med bloddrope og anti-A-serum på den eine halvdelen og bloddrope og anti-B-serum på den andre halvdelen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spørsmål

  1. Kva skjer når blodet klumpar seg saman?
  2. Kva slags blodtype har du, og kva slags genotype/genotypar kan du ha?
  3. Kven kan du gi blod til eller få blod frå? Blodtypar? Nokon i arbeidsgruppa di?
  4. Korleis er fordelinga av blodtypane i klassen? Lag ein oversikt.
  5. Lag ei teikning av det du ser i mikroskopet (med og utan agglutinering).
    Kanskje du kan ta bilete gjennom okularet i mikroskopet med mobiltelefon eller digitalkamera?
Blodtyper

Blodtype

A

B

AB

0

andel i den norske befolkningen49 %8 %4 %39 %
allelerAA, A0, 0ABB, B0, 0BAB, BA00

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 14.08.2020

Læringsressursar

Immunforsvar