Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Spøkelseskartet

I denne aktiviteten skal de kartlegge og finne årsaka til ein sjukdomsepidemi i London på 1800-talet.
Døden ror ein båt på elva Themsen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunnsinformasjon

I denne aktiviteten skal de kartlegge ein som herja i Soho, eit område av indre London, på 1800-talet. Dette skjedde i ei tid då det mangla kunnskap om årsaka til sjukdommen og korleis han spreidde seg. Frå dei første symptoma på sjukdom gjekk det berre nokre få dagar, av og til mindre enn eit døgn, før offeret døydde. Den rådande forklaringa var at såkalla miasmar, vond lukt frå rotnande materiale, var det som forårsaka sjukdommen. Epidemien de skal kartlegge, bidrog til å endre synet på dette.

Del 1 – Kartlegg utbreiinga av epidemien

I denne delen skal de kartlegge og foreslå moglege årsaker til epidemien. Jobb gjerne i grupper på fire. I gruppa skal de jobbe med fire ulike kartutsnitt som til slutt skal setjast saman til eitt større kart.

  1. Bruk dei oppgitte koordinatane og marker dødsfalla på kartet. Det kan lønne seg å jobbe saman to og to: Den eine les opp koordinatar og talet på dødsfall medan den andre finn den rette ruta og markerer dødsfalla på kartet. Når de er ferdige med eitt kart, kan de byte roller.

  2. Når de har markert alle dødsfalla, set de saman dei fire karta til eitt kart. Heile kartet dekker eit område på omtrent 1 km2.

Døme på korleis ein kan markere på kartet

Bli einige om korleis de skal markere dødsfalla på kartet.

  • De kan til dømes teikne éin liten prikk for kvart dødsfall. Bruk ein farge som er lett synleg på kartet.

  • Ein annan måte å visualisere talet på dødsfall på er å teikne ein sirkel på kartet og la arealet av sirkelen auke proporsjonalt med talet på dødsfall.

Skjermbiletmontasje som viser korleis ein bruker tabellen til å markere dødsfall på kartet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vedlegg: kartutsnitt over Soho og koordinatar for dødsfalla

  • Dokumentet "Ghostmap_seksjonar" inneheld fire kart som til saman dekker eit område av indre London som heiter Soho. Skriv ut og fordel dei fire karta i gruppa.

Filer

  • Dokumentet "Dødsfall" inneheld informasjon om kvar personar døydde under epidemien. Posisjonen på kartet er gitt av to koordinatar. Den eine koordinaten (N) angir posisjonen i retninga nord–sør, og den andre (A) angir posisjonen i retninga aust–vest.

Filer

Del 2 – Korleis spreier sjukdommen seg?

For å kunne få bukt med ein epidemi er det avgjerande å ha kunnskap om korleis sjukdommen spreier seg.

  1. Lag ei liste som beskriv ulike måtar ein sjukdom kan spreie seg på. Bruk gjerne konkrete sjukdomsdøme.

  2. Er det nokon former for smitte som verkar meir eller mindre sannsynlege ut frå kartet de har sett saman i del 1?

  3. Kva slags tilleggsinformasjon treng de for å sjå bort frå eller stadfeste at denne sjukdommen spreier seg på ein bestemd måte?

  4. Rekn ut gjennomsnittsposisjonen til dødsfalla. Kvar på kartet hamnar de?

Del 3 – Tampen brenn

Bruk tilleggsopplysningane og vurder om dette kan føre dykk nærare ei løysing på kva som er årsaka til epidemien, og korleis sjukdommen spreier seg.

Tilleggsopplysningar

  • På tidspunktet for epidemien var London den største byen i verda med over 2,6 millionar innbyggarar. Befolkningstettleiken i indre delar av London var 106 menneske per dekar på det høgaste. Eit dekar er ei arealeining som svarer til 1000 m2.

Tenk gjennom

106 menneske per dekar seier deg kanskje ikkje så mykje. Finn arealet av klasserommet ditt og rekn ut kor mange menneske per klasserom dette svarer til.

  • Tolv prosent av innbyggarane i Soho døydde under epidemien. Det er to adresser som skil seg ut i dødsstatistikken. Desse er markerte med litt mørkare gråtone på kartet. I fattighuset (Work house) fekk 5 av 530 bebuarar sjukdommen. Ingen av dei 70 arbeidarane på bryggeriet (Brewery) fekk sjukdommen. Bryggeriet var den nest største arbeidsgivaren i området.

  • Dei tre første døgna av epidemien døydde 130 personar i Soho. Dette førte til at dei fleste innbyggarane flykta ut av området. I ettertid er ein einige om at dette kan ha bidrege til å avgrense talet på folk som døydde av epidemien.

  • Sanitærforholda var generelt dårlege på denne tida. Ekskrement blei ofte tømde i ein open kum som var graven ut i kjellaren. Kloakken kunne tømmast i røyr eller opne grøfter som av og til rann over. Kloakken enda til slutt opp i Themsen.

  • Sommaren 1858 fekk Themsen namnet The Great Stink. Denne sommaren lukta elva så ille at parlamentet ikkje orka å halde møte.

  • Ein offiser som budde fleire kilometer frå Soho, døydde av sjukdommen dagen etter at han hadde ete ved ein restaurant i nærleiken av Broad Street. Offiseren var den einaste i nabolaget sitt som fekk sjukdommen.

  • London var i rask vekst, og det fanst ingen overordna plan for kloakk og vatn. Den viktigaste vasskjelda var elva Themsen. Vatnet blei fordelt i røyr og kunne pumpast opp frå offentlege vasspostar som var spreidde rundt omkring i byen. Private brønnar var eit gode som var reservert for svært få. Fattighuset i Soho hadde privat brønn. Det same hadde bryggeriet.

  • Dei svarte, fylte sirklane på kartet viser dei offentlege vasspostane i området.

  • Mykje tyder på at den første som døydde av epidemien, var ei 5 månader gammal jente. Familien budde i Broad Street nr. 40, i eit hus på hjørnet mot Cambridge Street. Då jenta fekk diaré, blei bleiene vaska. Vaskevatnet blei tømt i ein dårleg vedlikehalden kloakk-kum i kjellaren.

  • Eit av dei fremste symptoma på sjukdommen er kraftig diaré.

Har de funne løysinga og årsaka til epidemien?

Ikkje gå vidare før de har vurdert tilleggsinformasjonen grundig og gjort dykk opp ei meining om kva som kan ha forårsaka epidemien som herja i Soho på 1800-talet.

Årsaka til epidemien

Er de klare for fasiten? Nedanfor finn de historia om epidemien som herja i London august–september 1854 – ein epidemi som bidrog til å endre synet på korleis sjukdom oppstår og spreier seg.

Årsaka til epidemien

Epidemien de har kartlagt, var ein koleraepidemi som fann stad i august–september 1854.

Kolera kjem av ein infeksjon med kolerabakterien Vibrio cholerae.

Mikroskopbilete av kolerabakterie. Fotografi
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakterien spreier seg primært gjennom vatn eller mat som inneheld bakterien.

Bakterien formeirar seg i tynntarmen og skil ut stoff som forårsakar kraftig diaré.

I ekstreme tilfelle kan offeret miste 30 prosent av kroppsvekta i løpet av nokre timar.

Årsaka til epidemien i Soho var at vassposten i Broad Street hadde blitt forureina med bakterien. Undersøkingar påviste lekkasjar frå ein kloakk-kum som låg berre éin meter frå vassposten.

John Snow – den første epidemiologen

John Snow var ein lege som kartla dødsfalla og teikna dei inn på eit kart på same måte som de har gjort. Han blir av mange rekna som far til epidemiologien. Epidemiologi er eit fagfelt som handlar om å forstå utbreiinga av sjukdommar.

Eit kart som viser utbreiinga av koleradødsfall i Soho under koleraepidemien i 1854. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Koleraepidemiar hadde oppstått i London med jamne mellomrom sidan 1830-talet. Snow hadde utvikla ein hypotese om at kolera kom av forureina vatn.

På denne tida var legevitskapen dominert av førestillinga om at kolera kom av miasmar (vond lukt). Ved hjelp av kartet og andre observasjonar fekk Snow overtydd styresmaktene om å stenge vassposten i Broad Street. Etter dette døydde epidemien ut.

Satire frå 1866 om forureina vatn i London. Døden pumpar opp vatn frå ein vasspost. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Andre oppgåver

  1. Kolerabakterien utvikla seg til å bli meir dødeleg etter at han kom til dei europeiske storbyane på 1800-talet. Kan du forklare kvifor?

    (Hint: Tenk deg at du er ein kolerabakterie som kan «velje» mellom fleire strategiar. «Målet» er å bli den vanlegaste bakterietypen. Den eine strategien går ut på at du formeirar deg sakte i tarmsystemet til verten din. Dette gjer at verten får eit mildt sjukdomsforløp (mildare diaré) og lever lenge. I kva type miljø er dette den beste strategien? Den andre strategien går ut på at du formeirar deg hurtig i tarmsystemet til verten din. Dette forårsakar kraftig diaré som gjer at verten din døyr i løpet av nokre dagar. I kva type miljø er dette den beste strategien?)

  2. Kolerabakterien skil ut eit giftstoff i tarmkanalen. Giftstoffet gjer at transportkanalar for kloridion i epitelcellene opnar seg. I utgangspunktet er konsentrasjonen av kloridion høgare inne i epitelcellene enn utanfor. Forklar samanhengen mellom verkemåten til giftstoffet og diarésymptoma til offeret.

  3. Finn ut korleis kolera blir behandla.

  4. Figuren nedanfor viser korleis førekomsten av kolera i London i 1849 endra seg med avstanden frå Themsen.

    1. Forklar resultata i lys av miasmeteorien.

    2. Forklar resultata i lys av det du no veit om kolera og London på 1800-talet.

Graf som viser koleradødsfall per 10 000 innbyggarar og høgde over Themsen. Jo større høgda er over Themsen, jo lågare er andelen koleradødsfall. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelde

Johnson, S. (2006). The Ghost Map: A Street, an Epidemic, and the Hidden Power of Urban Networks. Penguin.

CC BY-SASkrive av Johan Vikan og Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 01.07.2022

Læringsressursar

Smittsame sjukdommar