Hopp til innhald

Celler

Celler er byggjesteinane i alt levande, frå enkle eincella organismar til meir komplekse organismar som oss menneske. Kunnskap om celler er derfor heilt sentralt i biologi. Her skal du få innsikt i mange av dei fascinerande og livsviktige prosessane som går føre seg i og mellom cellene.

Celleregulering

Cellene er avhengig av eit stabilt indre miljø, og all transport inn og ut av cella blir derfor kontrollert nøye av cellemembranen. Celleregulering handlar om dei passive og aktive prosessane som går føre seg i samspelet mellom cellene og det ytre miljøet, og i kommunikasjon med andre celler.