Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppsummeringsoppgåver om økologi

Med desse oppgåvene kan du lære deg omgrep, forklare fenomen, sjå samanhengar og løyse problem innanfor temaet økologi.

Oppgåve 1. Memory

Lag par ved å finne biletet og ordet som høyrer saman.

Oppgåve 2. Dra orda til riktig plass

Oppgåve 3. Tettleiksavhengige faktorar

  1. Kva blir meint med tettleiksavhengige faktorar?

  2. Ta stilling til situasjonane nedanfor, og finn ut om det er tettleiksavhengige eller ikkje-tettleiksavhengige faktorar som er av mest avgjerande.

Oppgåve 4. Finn riktig alternativ

Oppgåve 5. Økologi

Landskap med mange dyr og plantar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Bruk figuren til å forklare desse omgrepa:

    • individ

    • populasjon

    • samfunn

    • økosystem

  2. Lag ein bilettekst til biletet der du bruker alle omgrepa frå a).

Oppgåve 6. Abiotiske og biotiske faktorar

  1. Forklar kva vi meiner med abiotiske og biotiske faktorar. Bruk figuren frå oppgåve 6 til å gi døme.

  2. Sjå rundt deg der du er akkurat no. Kan du sjå nokon abiotiske faktorar? Kva for nokre biotiske faktorar kan du sjå?

Oppgåve 7. Vêr og klima

  1. Kva er forskjellen på vêr og klima?

  2. Gi døme på situasjonar som beskriv vêr, og situasjonar som beskriv klima.

Oppgåve 8. Tilpassing til abiotiske forhold

Ta utgangspunkt i ein plante som lever på ein fjelltopp, eller ein fisk som lever nær botnen i ein innsjø.

  1. Korleis vil lys, temperatur, vind og terrengforhold påverke artane?

  2. Korleis kan artane tilpasse seg det miljøet dei lever i?

  3. Korleis kan dei abiotiske forholda påverke kvarandre?

Oppgåve 9. Mikroklima

  1. Kva er mikroklima?

  2. Kvifor er det nokre gonger viktig å kjenne til mikroklimaet til artar vi skal undersøkje?

Oppgåve 10. Abiotiske faktorar i felt

Finn ut korleis de kan registrere følgjande faktorar når de gjer feltarbeid:

  • temperatur

  • vindretning

  • vindstyrke

  • helling på terrenget

  • fart på vatnet i ei elv

  • saltinnhald i vatnet

  • pH

  • næringsinnhald i jorda

  • høgd over havet der de er

Oppgåve 11. Jord og jordsmonn

  1. Bruk figuren som hjelp til å forklare desse omgrepa: jord, jordsmonn, lausmasse, jordart, undergrunnsjord og fast fjell.

  2. På kva måtar er jord og jordsmonn viktig for dyr og plantar?

  3. Kva er makro- og mikronæringsstoff? Gi døme.

  4. Korleis kan biotiske og abiotiske faktorar påverke kvarandre i jorda?

Oppgåve 12. Konkurranse

Salatplantar med røter i tverrsnitt av jordprofil. Illustrasjon.

Du sår salat i ein åker. Etter ei stund spirer frøa tett i tett.

  1. Kva skjer dersom du ikkje luker i åkeren, trur du?

  2. Kva slags form(er) for konkurranse vil oppstå, og kva vil effektane kunne bli?

Oppgåve 13. Habitat og nisje hos kjøtetande plante

Rundsoldogg. Foto.

Rundsoldogg (Drosera rotundifolia) veks i næringsfattig myr, ofte på torvmosetuer. Artane i soldoggslekta skaffar seg næring ved å bryte ned insekt som set seg fast i dei klistrete kjertelhåra på blada til soldogga.

  1. Kan du ut frå dette seie noko om habitatet og nisjen til rundsoldogg?

  2. Kva for nokre abiotiske og biotiske faktorar trur du påverkar livsløpet til rundsoldogga?

  3. Kvifor finn vi ikkje rundsoldogg på ei rikmyr eller ei eng med god næringstilgang?

Oppgåve 14. Generalistar og spesialistar

  1. Kva er forskjellen på ein generalist og ein spesialist?

  2. Kjenner du nokon døme på generalist- og spesialistartar?

  3. Kva fordelar og ulemper trur du dei to ulike strategiane har?

  4. Sorter artane nedanfor i kategoriane spesialistar eller generalistar. Viss du ikkje kjenner til artane frå før, søkjer du opp informasjon om artane på internett.

  5. Etter å ha gjort oppgåve d): Studer namna på artane som er spesialistar. Kva oppdagar du?

Oppgåve 15. Habitatet til ein sopp

Sopp med brun og knudrete hatt veks omgitt av mose. Foto.

Sopparten sandmorkel (Gyromitra esculenta) har levestaden sin i barskog, spesielt i furuskog med sandhaldig jord.

Vil vi dermed finne denne arten i alle slike habitat? Kvifor / kvifor ikkje?

Oppgåve 16. Nisje

To koordinatsystem med temperatur og nedbør på aksane. I det eine koordinatsystemet er art A representert med eit grønt felt som er større enn det feltet art B er representert med i det andre koordinatsystemet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Figuren viser dei økologiske nisjane til art A og art B basert på krav til nedbør og temperatur.

  1. Kva er ein nisje?

  2. Korleis vil du karakterisere nisjane til desse artane?

  3. Kva er forskjellen på ein fundamental og ein realisert nisje?

  4. Kva for ein av desse artane trur du kan kallast ein generalist, og kva for ein kan kallast ein spesialist?

  5. Kan art A og B finnast i nøyaktig det same habitatet? Kvifor / kvifor ikkje?

  6. Kva trur du vil skje dersom dei inntek det same habitatet?

Oppgåve 17. Suksesjon

Gjennom suksesjon vil samfunnet av artar gradvis endre seg som eit resultat av den gjensidige påverknaden mellom artane og miljøet. Kjenner du til døme på naturlege og menneskeskapte forstyrringar/hendingar som kan setje i gang ein slik suksesjon?

Oppgåve 18. Forstyrringar

Kva trur du skjer med biomangfaldet rett etter ei katastrofal forstyrring som har ført til masseutrydding av artar?

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin og Hanne Hegre.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2023

Læringsressursar

Økologi