Hopp til innhald

Fagstoff

Symbiose

Symbiose vil seie at to ulike artar av dyr, plantar eller andre organismar lever tett og påverkar liva til kvarandre. Nokre gonger har begge partar nytte av samlivet, andre gonger kan det ende med sjukdom og død.
Gul fisk og lite krepsdyr ligg på havbotnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Symbiose – samspel mellom artar

Symbiose vil seie at to ulike artar er tett knytte saman i eit samliv som påverkar dei i varierande grad. Sjølv om det er glidande overgangar, kan vi skilje mellom tre ulike typar:

  • mutualisme

  • kommensalisme

  • parasittisme

Mutualisme – begge partar har nytte av samspelet

Fleire små maurar på akasietre. Foto.

Det finst mange døme på samspel som gagnar begge partar, når det gjeld blomsterplantar, pollinatorar og frøspreiarar. Insekt og andre dyr hjelper plantane med pollinering og frøspreiing og får til gjengjeld nektar eller anna næring.

Eit døme er akasietreet, som gir maurane husrom og næring i den oppsvulma basisen til tornane. Maurane beskyttar til gjengjeld treet ved å angripe herbivorar som prøver å beite på det. I tillegg beiter maurane ned plantar rundt akasietreet, slik at konkurransen om lys og næring blir mindre.

Lav er eit anna døme på symbiose. Her er det eit samarbeid mellom ein alge og ein sopp. Algen kan drive fotosyntese og bidreg dermed med energi. Soppen toler uttørking godt og hindrar at algen tørkar ut.

Gule strukturar (sopp) med grøne klumpar (algar) innimellom. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kommensalisme – fordel for den eine parten

Plante med kvite blomstrar og grøne, kløveraktige blad veks inntil grantrestamme. Foto.

Kommensalisme er ein type samspel mellom to artar der den eine parten har fordel av samspelet, mens den andre parten ikkje blir påverka verken positivt eller negativt. Bakteriane som lever på huda vår utan at vi merkar det, er eit døme på kommensalisme. Det same er skuggeplantar som er avhengige av skuggen til andre plantar.

Parasittisme – ein snyltar utnyttar ein vert

Ein parasitt snyltar på verten sin. Ved parasittisme er det berre éin av partane som har ein fordel. Den andre parten har ei ulempe. Parasittane må passe på å ikkje utnytte verten sin så mykje at verten døyr, for då mister parasitten næringstilgangen sin.

Forsvar mot parasittar og sjukdommar

Plantar har utvikla fleire beskyttelsesmekanismar mot angrep frå parasittar og andre sjukdomsorganismar. Nokre plantar produserer kjemiske stoff (plantehormon) på skadestaden. Desse blir transporterte til uskadde delar av planten og stimulerer til produksjon av beskyttande stoff. Nokre gonger sørgjer òg planten for kontrollert celledød i det området som er angripe, slik at sjukdomsorganismen blir svelt ut.

Dei fleste dyr har eit immunsystem som beskyttar mot parasittar og sjukdommar. Hud, slimhinner og pels er gjerne del av det ytre forsvaret, mens kvite blodceller som lagar antistoff, er ein viktig del av det indre immunforsvaret.

Endosymbioseteorien – urgammalt samspel

Blå halvkule med kanalliknande strukturar ligg inntil oransje struktur. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For 1,5 milliardar år sidan kunne ikkje dei nyttiggjere seg oksygen. Dei var med andre ord anaerobe. Ifølgje endosymbioseteorien omgav cellene bakteriar som kunne bryte ned stoff ved hjelp av oksygen. I dette samspelet bidrog dei opphavlege cellene med mellom anna næringsstoff, mens bakteriane braut ned næringsstoffa og gav energi. Seinare utvikla bakteriane seg til det vi kjenner som kloroplastar eller mitokondriar, avhengig av kva for ein bakterie som inngjekk i samspelet i utgangspunktet.

Kjelder

Norsk institutt for naturforskning. (2017). Fremmede skadelige karplanter – bekjempelsesmetodikk og spredningshindrende tiltak. Henta frå https://www.miljodirektoratet.no/globalassets/publikasjoner/m906/m906.PDF

Store norske leksikon. (2018, 15. november). Endosymbioseteorien. Henta 21. april 2021 frå https://sml.snl.no/endosymbioseteorien

Universitetet i Oslo. (2011, 3. februar). Plantefysiologi – sykdom og forsvar. Henta 3. mai 2021 frå https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/plfys/vekst/sykdom.html

CC BY-SASkrive av Hanne Hegre og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2021

Læringsressursar

Økologi