Hopp til innhald

Fagstoff

Økologi

I økologien studerer vi korleis organismar blir påverka av kvarandre, og korleis dei inngår i eit samspel med miljøet dei lever i.
Landskap med mange dyr og plantar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samspel mellom organismar og miljøet dei lever i

Økologi handlar om korleis levande organismar påverkar kvarandre og miljøet dei lever i. Det er ikkje alltid så lett å få oversikt over alle moglege samspel, for det er mange ulike organismar som blir påverka av kvarandre. I tillegg består omgivnadene av mange ulike faktorar som blir påverka av kvarandre og av dei levande organismane.

Frå individ til økosystem

Individ

Sporvefugl med brun rygg og grått bryst. Illustrasjon.

Når vi skal undersøkje korleis plantar og dyr påverkar kvarandre og det miljøet dei lever i, kan vi gjere dette på ulike nivå. Viss vi til dømes vil finne ut meir om arten gråsporv, kan vi ta utgangpunkt i éin enkelt gråsporv, eitt individ, og observere kva dette individet gjer i løpet av ein bestemt periode.

Populasjon

Tre sporvefuglar med brun rygg og grått bryst utgjer ein populasjon. Illustrasjon.

Nokså raskt vil vi observere at gråsporven har kontakt med andre gråsporvar i området der han lever. Derfor vil det vere naturleg å studere alle gråsporvar som lever i same område, det vil seie heile gråsporvpopulasjonen.

Samfunn

Fisk, raudrev, gråsporv, grantre, grastue, marihøne, sopp og ramn. Illustrasjon.

I området der gråsporvpopulasjonen lever, finst det òg mange andre populasjonar. Desse kan påverke gråsporvane og kvarandre i større eller mindre grad. Alle populasjonar i eit område utgjer det vi kallar eit økologisk samfunn.

Økosystem

Gråsporvpopulasjonen og alle dei andre populasjonane i området inngår òg i eit samspel med det fysiske miljøet: jord, vatn, luft og vêr. Ofte vil det vere naturleg å studere naturen på dette nivået. Eit økosystem er alle organismar og det miljøet dei lever i, innanfor eit avgrensa område.

Tre sirklar med høvesvis eitt gråsporv-individ, tre gråsporvar som utgjer ein populasjon, og mange ulike organismar som rev, gråsporv, aure, ramn, grantre, gras, marihøne og sopp, som til saman utgjer eit økologisk samfunn. Sirklane er plasserte oppå ein bakgrunn som førestiller eit naturlandskap.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er stor avhengigheit og gjensidig påverknad mellom dei ulike organismane og mellom organismane og miljøet innanfor det same økosystemet. Mellom ulike økosystem er det mindre som knyter organismane saman. Eit økosystem blir dermed ein naturtype som er kjenneteikna av bestemte organismar og miljøforhold.

Viktige omgrep

Individ – éin enkelt organisme

Art – to individ høyrer til same art viss dei kan få forplantingsdyktig avkom saman

Populasjon – individ av same art som lever innanfor same område

Samfunn – alle levande organismar innanfor eit område

Økosystem – alle dei levande organismane og det miljøet dei lever i, innanfor eit avgrensa område

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2021

Læringsressursar

Økologi