Hopp til innhald

Fagstoff

Samandrag – økologi

Dette samandraget gir deg oversikt over det viktigaste fagstoffet i emnet økologi.
Landskap med mange dyr og plantar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Økologi

Tre sirklar med høvesvis eitt gråsporvindivid, tre gråsporvar som utgjer ein populasjon, og mange ulike organismar som rev, gråsporv, aure, ramn, grantre, gras, marihøne og sopp, som til saman utgjer eit økologisk samfunn. Sirklane er plasserte oppå ein bakgrunn som førestiller eit naturlandskap. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I økologien studerer vi korleis organismar blir påverka av kvarandre, og korleis dei inngår i eit samspel med miljøet dei lever i. Vi kan studere dette samspelet på ulike nivå:

  • Individ: Eit individ er éin enkelt organisme.

  • Art: To individ høyrer til same art viss dei kan få forplantningsdyktig avkom saman.

  • Populasjon: Individ av same art som lever innanfor same område, utgjer ein populasjon.

  • Samfunn: Eit samfunn omfattar alle levande organismar innanfor eit område.

  • Økosystem: Eit økosystem består av alle dei levande organismane og det miljøet dei lever i, innanfor eit avgrensa område.

Abiotiske faktorar

Ikon som førestiller jordsmonn, fjell, regnsky, kanin, virus, gras og rev, er knytte saman med piler for å vise korleis abiotiske og biotiske faktorar påverkar kvarandre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Abiotiske faktorar er dei ikkje-levande faktorane:

  • Vêr og klima:
    Faktorar som vind, temperatur, nedbør og innstråling frå sola har stor påverknad på organismane i eit område, anten direkte eller indirekte.

  • Jordsmonn:
    Jordsmonn er alt lausmateriale som ligg over fast fjell. Jordsmonn gir feste til planterøtene, og innhaldet av vatn og næring har saman med pH stor betydning for veksten og utviklinga til plantane. Jordsmonnet er dessutan leveområdet til mange bakteriar og virvellause dyr.

  • Terrengforhold:
    Terrengforhold dreier seg om korleis terrenget er utforma, kor bratt det er, og kva for ein himmelretning det heller mot. Dette påverkar mellom anna temperatur og jordsmonn på ein lokalitet, og kor utsette organismane er for vind eller bølgjer.

  • Forstyrringar:
    Nokre endringar er plutselege, som skogbrann, hogst og skred, og dei kan forandre eit økosystem i løpet av kort tid. Andre endringar skjer langsamt, til dømes fordi bølgjer slår mot steinane i fjøra, eller planterøter bryt opp berggrunnen.

Biotiske faktorar

Biotiske faktorar er den effekten dei levande faktorane har:

Ikon som førestiller jordsmonn, fjell, regnsky, kanin, virus, gras og rev, er knytte saman med piler for å vise korleis abiotiske og biotiske faktorar påverkar kvarandre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konkurranse

Konkurranse oppstår når individ innanfor ein art eller frå ulike artar utnyttar dei same ressursane:

  • Intraspesifikk konkurranse er når individ av same art konkurrerer med kvarandre.

  • Interspesifikk konkurranse er når ulike artar konkurrerer.

Habitat og nisje

Todelt figur der den eine delen viser eit landskap med tre, kyr, bikube, gras og gråsporvar. Dette er habitatet til gråsporvane. Den andre delen av figuren viser ein gråsporv omgitt av korn, fluge, frø og ei bille. Dette er nisjen til gråsporven. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit habitat er leveområdet til ein art. Nisje handlar om korleis arten utnyttar ressursane i leveområdet. Nisjen er summen av alle miljøfaktorar og ressursar.

Predasjon og nedbryting

Alle organismar må skaffe seg energi og næringsstoff. Grøne plantar gjer om energi frå sollyset og får næringsstoff frå jorda. Andre organismar må anten ete andre (predasjon) eller bryte ned dødt organisk materiale:

  • Planteetarar et plantar.

  • Kjøtetarar et dyr.

  • Altetarar et både plantar og dyr. Fordi altetarar kan utnytte mange ulike typar ressursar, blir dei kalla generalistar.

  • Nedbrytarar lever av dødt organisk materiale og fører næringsstoffa tilbake i krinsløpet.

Symbiose

Symbiose vil seie at to ulike artar er knytte tett saman i eit samliv som påverkar dei i varierande grad:

  • Mutualisme: Begge partar har nytte av samlivet.

  • Kommensalisme: Den eine parten har fordel av samspelet. Den andre blir verken positivt eller negativt påverka.

  • Parasittisme: Ein organisme snyltar på ein annan.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 25.06.2021

Læringsressursar

Økologi