Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Pictionary

Øv på sentrale omgrep ved å teikne omgrepa for kvarandre. Bruk fantasi og fagkunnskap, og prøv å gjette riktig før dei andre!
Ei gruppe ungdommar sit ved eit bord. Den eine av dei skriv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

  • lappar med omgrep

  • ark og skrivesaker

Tips!
Læraren kan skrive ut og klippe opp lappar med omgrep på førehand. Bruk dokumenta nedanfor slik dei er, eller gjer tilpassingar. De kan òg lage lappane saman i klassen.

Gjennomføring

  1. Set dykk saman i grupper på tre–fire elevar.

  2. Kvar gruppe får ein bunke med lappar. Legg dei med baksida opp, slik at ingen kan sjå kva omgrep som blir trekt. (Vel ein lys skriftfarge, slik at omgrepa ikkje synest gjennom arket når ein bruker vanleg kopipapir.)

  3. Pass på at alle sit slik at dei lett kan sjå det som blir teikna.

  4. Bestem kven som skal starte. Vedkomande trekkjer lappen som ligg øvst i bunken, utan å vise dei andre kva som står der. Deretter skal han eller ho teikne omgrepet som står på lappen. Det er ikkje lov å bruke stemma. Det er heller ikkje lov å mime eller skrive bokstavar eller ord på teikninga.

  5. Med ein gong nokon har begynt å teikne, kan alle begynne å gjette på kva omgrep som blir teikna. Det er lov å gjette så mange gonger du vil. Den som gjettar riktig først, vinn runden og får behalde lappen med omgrepet.

  6. Vinnaren av runden får no trekkje ein ny lapp frå bunken og teikne omgrepet som står på lappen. Dei andre kan begynne å gjette.

  7. Slik held de fram til alle lappane er brukte opp. De kan òg avtale at spelet skal ha ei bestemt varigheit, til dømes 20 minutt. Når alle lappane er brukte opp eller tida er ute, tel de opp og ser kven som har fått flest lappar.

Tilpass reglane til eige bruk

Klassen kan bli einige om andre reglar på førehand. Nedanfor har vi sett opp nokre forslag. Det er viktig at det blir både gøy og lærerikt å spele.

  • Viss du trekkjer eit omgrep som du ikkje kjenner til, er det lov å bruke kjelder for å finne det ut.

  • Den som gjettar riktig, må i tillegg forklare dei andre kva omgrepet betyr.

  • Det er tillate å mime i tillegg til å teikne.

  • Gå gjennom omgrepa på lappane før de startar spelet.

Ferdige lappar til pictionary

Bruk dei ferdige lappane under, eller lag eigne lappar tilpassa det de jobbar med.

Økologi

Filer

Stråling

Filer

Oppbygginga av cella

Filer

Næringsstoff

Filer

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 04.08.2021

Læringsressursar

Økologi