Hopp til innhald

Fagstoff

Konkurranse og nisjefordeling

Konkurranse oppstår når individ innanfor ein art eller mellom artar utnyttar dei same ressursane. Det kan vere konkurranse om både vatn, lys og næring, men òg om plass eller partnar.
Tiur og røy på spelplass. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Intraspesifikk konkurranse – same art konkurrerer

To hjortar stangar mot kvarandre. Foto.

Intraspesifikk konkurranse er når individ av same art konkurrerer med kvarandre om til dømes plass eller næring. Denne konkurransen er viktig for naturleg seleksjon: Den i ein populasjon gir individa litt ulike eigenskapar. Dei som er best tilpassa, har størst sjanse for å overleve og formeire seg.

Dyr konkurrerer òg om partnarar. Det kan føre til evolusjon av karaktertrekk som berre har til hensikt å gjere inntrykk på ein partnar. Dette kallar vi seksuell seleksjon. Kjende døme er dei flotte og fargerike fjørene hos påfuglar og dei store gevira hos enkelte hjortedyr.

Interspesifikk konkurranse – ulike artar konkurrerer

Nisjen til ein art beskriv korleis arten utnyttar ressursane, og kva miljøfaktorar han er avhengig av ("rolla" eller "jobben" til arten). Når ulike artar i same område utnyttar dei same ressursane, vil det oppstå konkurranse mellom artane. Dette blir kalla interspesifikk konkurranse. Dersom ingen av artane "jenkar seg", vil ei slik nisjeoverlapping kunne føre til at den eine arten utkonkurrerer den andre. Dette kallar vi Gauses konkurranseprinsipp.

To-delt figur der den eine delen viser eit landskap med tre, ku, bikube, gras og gråsporvar. Dette er habitatet til gråsporvane. Den andre delen av figuren viser ein gråsporv omgitt av mellom anna korn, frø og ei bille. Dette er nisjen til gråsporven. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gauses konkurranseprinsipp
To artar med same nisje kan ikkje leve i same område over tid.


Eit anna mogleg utfall er at dei to konkurrerande artane fordeler ressursane på ein slik måte at dei kan leve saman. Ei slik nisjeoverlapping kan sørgje for at artane over tid utviklar seg i ulik retning og kan utnytte ulike delar av nisjen som i utgangspunktet var felles.

Fundamental og realisert nisje – konkurranse påverkar nisjen

Konkurranse mellom to artar kan føre til at artane berre kan utnytte ein del av dei moglege ressursane. Den fundamentale nisjen er den nisjen arten kan utnytte dersom han får vere heilt i fred og slepp å konkurrere med andre om næring, lys og andre naudsynte ressursar. Den realiserte nisjen er den delen av den fundamentale nisjen som arten endar opp med å utnytte når han må konkurrere med andre artar om dei same ressursane. Den realiserte nisjen er alltid smalare enn den fundamentale nisjen.

Sirklar med ulike hjortedyr i to ulike situasjonar. I den eine situasjonen (fundamental nisje) overlappar ikkje sirklane, i den andre (realisert nisje) overlappar dei. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Generalistar kan bruke mange ulike ressursar

Raudrev går mellom togskjener mens han ser mot fotografen. Foto.

Generalistar trivst bra under mange vilkår og kan bruke mange ulike ressursar. Dei finst i ei rekkje ulike habitat og har vide økologiske nisjar. Ein generalist er ikkje så sårbar for endringar i miljøet, sidan han kan klare seg under ulike miljøforhold.

Geitrams er ein generalist. Han veks både i ur, i vegkantar og på hogst- og brannflater, og han er vanleg over heile landet. Han kan òg vekse nokså høgt: over 1500 moh. Når det gjeld dyr, er det ofte eit variert kosthald som er avgjerande.

Spesialistar stiller strenge krav til miljøet

Mose veks på møkk. Foto.

Spesialistar har svært bestemte krav til miljøet, og utbreiinga deira blir dermed meir avgrensa. Dei har smale økologiske nisjar. Spesialistar er særleg sårbare for endringar i miljøet, men dei er samtidig svært konkurransedyktige i det miljøet dei er tilpassa.

Dyr som berre et éin type mat, er spesialistar. Det same gjeld plantar som berre veks i kalkhaldig jord, eller som berre kan pollinerast av éin bestemt insektart. Møkkmosar og lemenmosar er òg spesialistar. Dei har spesialisert seg på å leve på høvesvis avføring frå ulike planteetarar (ofte elg) og dyrekadaver (ofte lemen).

I felt

  • Finn døme på generalistar og spesialistar.

  • Korleis kan du sjå om artane er generalistar eller spesialistar?

  • Finn døme på konkurranse.

  • Kva faktorar kan skape konkurranse i det området de studerer?

  • Beskriv nisjen til ein art du finn i felt.

CC BY-SASkrive av Hanne Hegre og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2021

Læringsressursar

Økologi