Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forskingsoppgåve om raudåte

I denne forskingsoppgåva om eggleggingsforsøk med raudåte skal du samanlikne resultat frå fleire forskingsstasjonar i havet mellom Noreg og Island. Du skal leite etter tendensar og prøve å finne ei sannsynleg forklaring på skilnadene i produksjon mellom dei fire målestasjonane.
Fleire individ av arten raudåte fotograferte gjennom lupe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forskingsoppgåve om egglegging i ulike miljø

Eit gjennomskinleg lite krepsdyr i havet. Foto.

Denne oppgåva handlar om nøkkelarten raudåte (Calanus finmarchicus) og variasjon i egglegging på ulike forskingsstasjonar i Norskehavet mellom Noreg og Island.

Du skal prøve å finne ein tendens i resultata og ei sannsynleg forklaring på måleresultata frå dei fire målestasjonane når det gjeld egglegginga til raudåta.

  1. Studer bakgrunnsmaterialet Krepsdyret Raudåte – ein nøkkelart, og sjå filmen om eggleggingsforsøket. (Desse finn du blant ressursane nedanfor.)

  2. Studer kartet og snitta av vassmassar. Kva betyr fargekodane?

  3. Analyser resultata frå eggleggingsforsøka, og sjå etter tendensar.

  4. Kan du sjå nokon tendensar og samanhengar? Forklar kvifor resultata er slik.

Flaske med skiljemembran i motlys. Foto.

Ressursar til hjelp

Filer

Farga tverrsnitt av vassmassar i Norskehavet. Figur.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Havkart med markering av forskingsstasjonar. Figur.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Plansje over produksjon og temperatur i havet. Figur.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Raudåte er eit dyreplankton som finst i heile Nord-Atlanteren og speler ei sentral rolle i overføring av energi frå primærprodusentar til konsumentar.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og Frank Emil Moen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Økologi