Hopp til innhald

Fagstoff

Vêr og klima

Vêr og klima er faktorar som vind, temperatur, nedbør og innstråling frå sola. Desse faktorane har stor påverknad på organismane i eit område, anten direkte eller indirekte.
Nedsnødd moskusflokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er vêr og klima?

Vêr er fenomen som regn, vind og sol som gjerne endrar seg frå dag til dag, mens klima er eit gjennomsnitt av vêret i eit område over tid (20–30 år). Mange område i Noreg ligg i ei såkalla temperert klimasone. Over tid har dei eit vêr som er typisk for området, men frå dag til dag kan det vere veldig ulikt vêr, alt etter kvar du er innanfor dette området.

Verdskart der ulike delar av verda har fått farge ut frå kva for ei klimasone dei ligg i. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lys – innstråling frå sola

Grøne plantar bruker sollyset til å drive fotosyntese. Kor mykje sollys ein plante får til kvar tid, avheng av tid på døgnet og tid på året. Dette er ein føreseieleg variasjon som plantane har tilpassa seg gjennom evolusjon. Solinnstrålinga blir òg påverka av høgd over havet og hellingsgrad på terrenget der planten veks.

Vinter- og sommarlandskap der sola står i ulik høgd over horisonten. Solstrålane er markerte med gule strekar, og området på jordoverflata som blir treft av solstrålar, er teikna som ein gul oval og ein gul sirkel. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Plante med kvite blomstrar og grøne, kløveraktige blad veks inntil grantrestamme. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skuggeplantar trivst med lite lys

Nokre plantar er såkalla skuggeplantar. Dei har blad som er tilpassa habitatet ved at dei kan utnytte solinnstrålinga meir effektivt enn plantar som trivst i fullt sollys. I tillegg kan plantar oppleve uføreseielege hendingar, som at ein annan plante veks og skyggjer for han. I slike tilfelle kan enkeltblad utvikle seg på ein annan måte enn dei andre blada på planten.

Lyset styrer åtferda

Endringar i daglengd (og tilgang på lys) gir signal til både dyr og plantar som gjer at dei set i gang blomstring, skifter farge på pels og fjørdrakt, vaknar opp frå dvalen og startar vandringar til beiteområde.

I havet styrer òg lyset mykje av åtferda til organismane. Artane flytter seg oppover og nedover i vassmassane for å kunne opphalde seg der lysforholda er gunstigast, med tanke på både å få tak i mat og å verne seg mot å bli etne.

Temperatur

Plantar og dyr opplever vekslande temperaturar gjennom døgnet og gjennom året. Temperaturen blir påverka av innstrålinga frå sola og høgda over havet. Sidan høgda over havet er konstant, er det forhold som mengda innstråling og vind som gir variasjonar gjennom dagen og året.

Temperatur på Otta i perioden april 2020 til april 2021. Graf.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Temperaturen avtek med høgda

Når vi beveger oss frå havnivå og oppover i terrenget, går gjennomsnittstemperaturen ned med omtrent 0,6 grader for kvar 100. meter med stigning. Viss vi ser bort frå alle andre faktorar, vil plantar og dyr som lever høgt over havet, oppleve lågare temperaturar enn dei som lever på lågare høgder.

I havet eller i ein innsjø vil det vere motsett. Det meste av innstrålinga frå sola blir absorbert i dei øvre laga, og temperaturen (og tilgangen til lys) avtek når vi beveger oss nedover i vassmassane.

Gradestokkar viser at temperaturen i Oslo (23 meter over havet) er 0 grader celsius, mens temperaturen på toppen av Galdhøpiggen (2469 meter over havet) er 0 grader celsius. Ein raudrev står ved botnen av eit fjell på høgd med Oslo, mens ein annan rev står på toppen av fjellet i same høgd som Galdhøpiggen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tilpassingar til temperatur

Temperaturen påverkar kor effektiv fotosyntesen hos plantane er, men den største utfordringa for plantane er temperaturar under frysepunktet. Cellene består av mykje vatn, og når vatnet frys, blir det danna spisse iskrystallar som utgjer ein trussel mot desse cellene. Plantar har ulik toleranse for låge og høge temperaturar, og dette påverkar i stor grad utbreiinga til artane. Knoppar hos tre som veks i vårt tempererte klima, kan klare temperaturar ned i –40–50 grader, men enkelte plantar frå tropiske klimasoner kan få kuldeskadar sjølv om temperaturen er såpass høg som 10 grader.

Dyr blir påverka av temperaturen i omgivnadene ved at energiomsetninga går langsamare når det er kaldt. Dei har ei rekkje strategiar for å handtere både låge og høge temperaturar. , fisk, krypdyr og amfibium har omtrent same kroppstemperatur som temperaturen i omgivnadene og blir dermed veldig påverka av denne. Mange av desse dyra går i dvale når det blir for kaldt i vêret.

Hoggorm med tunga ute ligg på bakken i lyngen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dyr som har høgare kroppstemperatur enn omgivnadene, er avhengige av å ete ofte for å halde oppe kroppstemperaturen. Om vinteren kan det vere utfordrande å få tak i nok mat, spesielt for planteetarar. Pels, fjør og feitt er nokre løysingar som isolerer og reduserer varmetapet. Dyr kan òg oppsøkje område som har eit gunstig mikroklima i le av vêr og vind, eller søkje saman i grupper for å halde varmen.

Vind

Vind påverkar veksten og utviklinga til plantane. Det har stor betydning om ein plante veks på ein utsett stad, til dømes på ein topp, eller om han veks i ly av vinden i eit søkk eller på lesida av ein ås. Vinden kan påverke forma til plantar, og både dyr og plantar merkar den nedkjølande effekten vinden har.

Løvetann spreier frøa sine. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vinden kan kjøle ned både plantar og dyr, og han kan påverke veksten hos plantar. Ved kysten kan vind føre med seg salt og sjøvatn inn over land og gjere forholda vanskelege for mange plantar. Men vinden er òg heilt naudsynt for dei plantane som formeirar seg ved vindpollinering eller spreier frøa sine ved hjelp av vinden.

Både vegetasjon og terrengforhold påverkar vindforholda i eit område. Det er stor forskjell på å det leve i ly for vinden i ein skog og det å leve utsett for vind på ei open slette eller ein fjelltopp. Langs kysten skaper vinden bølgjer. Organismar som lever her, må vere tilpassa tøffe forhold.

Terrengforhold

Tverrsnitt av landskap med ei slette, to fjell og ei elv mellom dei. Ei sol, ei regnsky og piler symboliserer vêr. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Terrengforhold dreier seg om korleis terrenget er utforma, kor bratt det er, og kva himmelretning det heller mot. Dette påverkar mellom anna temperatur og jordsmonn på ein lokalitet, og kor utsette organismane er for vind eller bølgjer.

Mikroklima – veldig lokalt klima

Når vi studerer enkeltindivid og -populasjonar, er vi interesserte i forholda akkurat der dei oppheld seg. Lysforhold, temperatur, eksponering for vind og andre faktorar i dette avgrensa området utgjer mikroklimaet til organismen.

I felt

Når de er ute på feltarbeid, kan de

  • måle innstråling frå sola

  • måle vindstyrke og -retning

  • måle temperatur

  • finne ut kor høgt over havet området ligg

  • beskrive terrengforholda i området

  • måle hellingsgrad og bestemme hellingsretning på veksestaden

  • måle djupn og vasshastigheit, og undersøkje botnforhold i elva eller bekken

  • undersøkje korleis plantesamfunn er tilpassa terrengforholda i ekskursjonsområdet

Kjelde

Universitetet i Oslo. (2019, 23. april). Planter om vinteren. Henta 2. mars 2021 frå https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/p/planter-om-vinteren.html

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2021

Læringsressursar

Økologi