Hopp til innhald

Fagstoff

Antroposentrisme, biosentrisme og økosentrisme

I religionar, livssyn og filosofi finn vi ulike syn på naturen, og kva slags verdi han har. Vi kan skilje mellom eit antroposentrisk, biosentrisk og økosentrisk syn på naturen.
Labrofossen ved Kongsberg. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er mennesket sin plass i naturen? Opp gjennom historia har vi sett på naturen rundt oss på svært ulike måtar. Vi kan skilje mellom tre ulike syn på naturen: antroposentrisme, biosentrisme og økosentrisme.

I denne artikkelen finn du ei oversikt over desse ulike syna på naturen. Du finn òg konkrete døme på korleis desse kjem til uttrykk i ulike religionar og blant ulike filosofar.

Antroposentrisk syn på naturen

Eit natursyn som set mennesket i sentrum, blir kalla antroposentrisk. Antropos betyr "menneske", og ifølge det antroposentriske synet er naturen til for mennesket. Det som gir naturen verdi, er at han er nyttig for oss. Naturen har derfor berre ein , som eit middel til å tilfredsstille ønska og behova våre.

Dette synet på naturen går langt tilbake i historia. Det har blitt brukt til å forsvare menneske si rovdrift på naturen og har derfor blitt kritisert for å bidra til dagens klima- og miljøøydeleggingar. Ifølge kritikarar kan dette natursynet føre til at mennesket øydelegg sitt eige livsgrunnlag.

Døme på antroposentrisme i religionar og livssyn

Kristendom og jødedom

Tre personar held frem kvar si bok. Boka til venstre har ein kross på omslaget. Boka i midten har arabisk skrift og utsmykking. Boka til høgre har hebraisk skrift med bilete av ein skriftrull. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kristendom og jødedom

Innanfor kristendommen og jødedommen har ein del av første Mosebok bli tolka som eit forsvar for antroposentrisme. Der står det at mennesket er skapt i Guds bilete, og at Gud sa til menneska: "Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg henne under dykk! De skal råda over fiskane i havet og over fuglane under himmelen og over alle dyr som det kryr av på jorda." Dette har blant somme kristne og jødar blitt tolka som at mennesket har ein særeigen posisjon og ein rett til å bestemme over naturen og alle andre artar.

Islam

Innanfor islam har somme tolka Koranens skildring av mennesket som ein forvaltar, ein khalifa, med eit spesielt ansvar for naturen i antroposentrisk retning. Mens somme tekstar i Koranen og Hadith verdset naturen for det han gir til mennesket, verdset andre naturen uavhengig av menneske. Det er derfor mange muslimar i dag som hevdar at mennesket si rolle som forvaltar, khalifa, ikkje er å dominere naturen.

Humanisme

Teikning av naken mann i to posisjonar i ein sirkel og eit kvadrat. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innanfor humanismen er tradisjonelt sett verdigheita og velferda til mennesket i sentrum. Humanismen har derfor eit antroposentrisk utgangspunkt, men rommar samtidig mange ulike syn på naturen. Ei tolking av humanismen er til dømes at verdigheita og velferda til mennesket ikkje skal gå ut over andre former for liv.

På landsmøtet til Human-etisk Forbund i 2015 blei det vedteke ei fråsegn om klimaansvar der det mellom anna heiter: "For at mennesker skal være i stand til å leve gode liv, er vi avhengige av å ha en natur å ferdes i, ren luft å puste inn og nok mat til alle". Her blir klimaansvaret grunngitt ut frå mennesket sine interesser, det vil seie antroposentrisk.

Døme på antroposentrisme i filosofi

Aristoteles

Byste av Aristoteles: Kvit byste av mann med skjegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit antroposentrisk syn på naturen finn vi langt tilbake i filosofien. Ifølge Aristoteles eksisterer til dømes dyr og planter for menneska si skyld.

Descartes

Portrett av Rene Descartes: Mann med langt, krølla hår og bart. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den franske filosofen Rene Descartes skilde skarpt mellom dyr og menneske. Ifølge Descartes er mennesket tenkande og fritt, mens dyr berre er reine mekanismar utan kjensler eller indre liv. Mennesket er derfor heilt ulikt frå dyr og resten av naturen. Naturen har ikkje noko mål eller nokon verdi i seg sjølv, og vi kan behandle han som "ein ting". Dette synet på naturen finn vi igjen i delar av vitskapen som veks fram på 1600- og 1700-talet. Der blir naturen studert som ei samling atom som blir styrte av naturlover.

Kant

Portrettmåleri av filosofen Emmanuel Kant: Mann med grått hår og høg panne. Måleriet er krakelert. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I pliktetikken til Immanuel Kant er det berre menneske som har . Det som gir menneske eigenverdi, er fornufta. På grunn fornufta er vi frie og kan handle moralsk, i motsetning til dyr og planter. Ifølge Kant er det berre dei som sjølv kan handle moralsk, som har krav på å bli behandla som moralske vesen. Det betyr at dyr og planter først og fremst har ein instrumentell verdi. Dei kan behandlast som middel for at menneske skal få oppfylt ønska og behova sine. Dette står i motsetning til menneske, som aldri berre kan bli behandla som eit middel, fordi vi har ein verdi i oss sjølv.

Forskar som held ei mus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Biosentrisk syn på naturen

Eit biosentrisk syn på naturen set levande vesen i sentrum. Ifølge biosentrismen har ikkje berre menneske, men også andre levande vesen ein eigenverdi. Innanfor biosentrismen er det ulike syn på kva for levande vesen som har eigenverdi og .

Innanfor biosentrismen er det fleire som meiner at dyr og menneske har ulik moralsk status. Sidan dyr og menneske har ulike evner og interesser, burde dei òg behandlast ulikt. Det er òg fleire som hevdar at meir komplekse former for liv kan ha høgare verdi enn meir primitive former. Ein sjimpanse har til dømes høgare eigenverdi enn ein salmonella-bakterie.

Det er likevel somme med eit biosentrisk syn på naturen som meiner dyr og menneske har same moralske status. Biosentrismen har derfor vorte kritisert for å viske ut skiljet mellom dyr og menneske, noko som ifølge kritikarane kan svekkje respekten for mennesket og menneskeverdet.

Døme på biosentrisme i religionar

Buddhisme og hinduisme

Buddhismen og hinduismen skil ikkje mellom dyr og menneske på same måte som islam, kristendommen og jødedommen. I alle dei fem religionane er det forbode å drepe, men regelen om å avstå frå å ta liv, ahimsa, som vi finn i buddhismen og hinduismen, er meir omfattande. Det er ikkje berre forbode å drepe menneske, men mange vil òg seie at det er gale å drepe dyr. Vegetarianisme blir ofte knytt til religiøs reinleik og blir gjerne praktisert strengare under religiøse høgtider og blant til dømes munkar og nonner.

Ein sadhu et vegetarmat på ein restaurant. Han har fargerike klede, gullklokke og sølvringar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innanfor buddhismen finst det ei førestilling om at både dyr og menneske er del av den same livsstraumen. Alle levande vesen har derfor verdi.

Jainisme

Innanfor jainismen blir regelen om å avstå frå å ta liv og ikkje-skading (ahimsa) ofte praktisert endå strengare enn i buddhismen og hinduismen. Ifølge jainismen har kvart levande vesen ei individuell og evig sjel. For unngå skadeleg karma må vi unngå vald. Det gjeld både vald mot andre levande vesen og mot oss sjølv gjennom grådigheit og begjær. Dei jainistiske munkane går derfor med munnbind for å unngå å svelge insekt og uforvarande drepe levande vesen.

Mann med kvitt tørkle over munn og nase sit på eit golv med ei søyle bak seg. Han held i noko laga av tremateriale. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Døme på biosentrisme i filosofi

Singers konsekvensetikk

Den australske filosofen Peter Singer tilhøyrer konsekvensetikken. Han meiner vi burde handle slik at det fører til mest mogleg glede og minst mogleg smerte og liding. Sidan sansande dyr kan kjenne smerte og glede, har vi eit ansvar for å ikkje påføre dyr lidingar, på same måte som vi har eit ansvar overfor menneske.

Ifølge Singer har alle sansande vesen eigenverdi – det vil seie alle levande vesen med kjensler. Det betyr at planter og tre og svært primitive vesen ikkje har eigenverdi, mens pattedyr som hundar og kattar har det. Han er sjølv vegetarianar og ser på industriell kjøttproduksjon som ei form for artsdiskriminering. Vi forskjellsbehandlar dyr og menneske og utset dyra for lidingar vi aldri ville akseptert for menneske.

Ein mann med grått hår og briller sit og snakkar inn i ein mikrofon mens han forklarer med handa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Taylors pliktetikk

Den amerikanske filosofen Paul W. Taylor tilhøyrer pliktetikken og hevdar at vi har ei plikt til å respektere alle levande organismar. For Taylor har ein organisme eigenverdi viss han kan skadast eller blir gagna, og viss det er mogleg for oss å setje oss i staden til organismen og spørje oss korleis det ville vore for oss sjølv. Ifølge desse kriteria meiner Taylor at både planter, tre og muslingar har eigenverdi. Alle desse organismane har interesser utan at dei nødvendigvis sjølv er klar over det. Ein elg har til dømes interesse av friske plantar, mens eit tre har interesse av reint vatn. Vi menneske har derfor ei plikt til å behandle alle levande organismar som verdifulle og respektere interessene deira. Vi har derimot ikkje ei plikt til å ofre våre eigne liv. Vi kan derfor ta livet av andre organismar for å overleve sjølv.

Schweitzer

Portrettbilete av Albert Schweitzer i svart-kvitt: Mann med stor bart iført kvit skjorte og svart tverrsoversløyfe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ifølge den franske legen og teologen Albert Schweitzer er det mest grunnleggande prinsippet i etikken ei "ærefrykt for livet". Schweitzer meinte alle levande vesen burde få moglegheit til å utfalde seg sjølv, og vi menneske burde derfor respektere både plantene og dyra rundt oss. På same måte som eksistensen vår er viktig for oss, er andre levande vesen sin eksistens viktig for dei.

Skilpadde nedi havet ser opp på fotografen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Økosentrisk syn på naturen

Økosentrismen har eit breitt syn på naturen og set heile økosystem i sentrum. Ifølge økosentrismen har ikkje berre individuelle menneske og levande vesen eigenverdi, men også økosystem og artar. Mennesket er ein del av heilskapen. Vatn, jord, luft, planter og dyr er ein del av eit krinsløp som har verdi og krav på vern.

Det økosentriske synet på naturen er i stor grad holistisk. Holistisk betyr heilskap og fokuserer på dei samanhengane og relasjonane vi er ein del av. Det er ikkje berre enkeltindivid som har verdi, men også den heilskapen individa er ein del av. Det kan derfor vere verre å drepe ein blåkval, som er trua av utrydding, enn ein vågekval, som ikkje er trua av utrydding. Blåkvalen har større krav på vern, fordi det ikkje berre er det enkelte dyret som har verdi, men også den arten dyret er ein del av.

Ei utfordring med det økosentriske synet på naturen er at økosystem forandrar seg og ikkje har ein klar identitet. Mange økosystem har blitt forma om av menneske til parkar, hagar og dyrka mark. Det kan derfor vere vanskeleg å seie kva interesser økosystem har og akkurat kva som har krav på vern.

Døme på økosentrisme i religionar

Kristendom

Innanfor kristendommen finst det ulike bibelske perspektiv som har blitt brukte til å grunngi at naturen har eigenverdi. Naturen er skapt av Gud og har ein verdi uavhengig av menneske. Heile naturen er òg med på å lovprise Gud. I salme 148 i Salmenes bok deltek til dømes sola, stjerna, fjella, trea, fuglar og fiskar i lovprisinga av Gud. Ifølge Det nye testamentet i Bibelen skal òg heile skaparverket, og ikkje berre mennesket, delta i den endelege frelsen og forløysinga. I salme 104 i Det gamle testamentet blir òg heile naturen lovprisa for mangfaldet sitt, og mennesket, dyra og plantene lever saman i harmoni som ulike delar av skaparverket.

Ein mann i munkekutte saman med to følgjesveinar snakkar til eit tre der det sit fuglar og dyr. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Islam

Innanfor Islam blir heile jorda rekna som verdifull, fordi ho er skapt av Gud. Alle delar av skaparverket deltek i lovprisinga av Gud, og ifølgje Koranen er skapinga av jorda eit større verk enn skapinga av mennesket (40:57). Alle skapningar har si rolle i skaparverket. I Koranen står det til dømes: "Det finnes ikke dyr på jorda eller fugl på vingen uten at de utgjør samfunn" (6:38). Dette har blitt tolka som eit forsvar for ei meir human tilnærming til dyr. Innanfor islam finst det òg ein tradisjon for å ha spesielle område (hima) som er verna mot menneskelege formål.

Buddhisme

I buddhismen eksisterer ingenting uavhengig av noko anna. Alt er avhengig av noko anna og eksisterer i relasjon til andre ting. Dette har blitt tolka som at mennesket og naturen er ein del av eit felles økosystem der vi er bundne saman i gjensidig avhengnad.

Eit knutemønster. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Neopaganisme

Neopaganisme er ei nyreligiøs retning og samlenemning for ulike rørsler som prøver å gjenopplive eller rekonstruere førkristen religion. Innanfor neopaganisme er det vanleg å sjå på naturen som heilag og åndeleggjord. Gudane kan bli sett på som personifisering av naturelement. Sidan gudane er ein del av naturen, har dei truande ein grunn til å respektere han. Fleire neopaganistiske religionar som wicca og åsatrua gjennomfører til dømes ritual ute i naturen.

Døme på økosentrisme i filosofi

Næss

Den norske filosofen Arne Næss har hatt sterk innverknad på miljøetikken. Ifølge Næss er vi menneske ein del av eit krinsløp. Vi er både avhengige av og knytte til alt levande rundt oss. Det gjeld både dyr og planter, men òg ting vi ofte ikkje tenker på som levande, som elvar, luft, fjell og jordsmonn. Vi er alle ein del av ein heilskap der både kvar enkelt del og heilskapen har verdi.

Portrett av Arne Næss som støttar ansiktet mot knytneven. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Både menneska, dyra, plantene, landskapet og det heilskaplege krinsløpet har eigenverdi, ifølge Næss. Vi menneske har derfor ikkje rett til å øydelegge eller redusere dette mangfaldet av liv rundt oss viss vi ikkje gjer det for å dekke dei vitale behova våre. Kva som er menneska sine vitale behov, meiner Næss at vi må vurdere i kvart enkelt tilfelle.

Viktige omgrep

Kjelder

Attfield, R. (2018). Environmental ethics. A very short introduction. Oxford.

Bagir, Z.A. & Martiam, N. ( 2017) Islam: Norms and Practices. Yale forum on religion and ecology. Henta frå https://føre.yale.edu/World-religions/Islam/Overview-essay

Bøe, M.H. & Kalvig, A. (2020). Menneske, meninger, makter. En introduksjon til religionsvitenkap. Cappelen Damm Akademiske.

Hverven, S. (2018). Naturfilosofi. Dreyer forlag.

Jacobsen, K.A. (2012). Buddhismen. Pax forlag.

Kværne, P. & Jacobsen, K.A. (2020, 18. november). Jainisme. I Store norske leksikon. https://snl.no/jainisme

Roald, A.S. (2012). Islam. Pax forlag.

Thorbjørnsen, S.O. & Heiene, G. (2021). Kristen etikk. En innføring. (2. utg.). Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2022

Læringsressursar

Eigenverdien til naturen