Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Filmoppgåve: Kunstige biosfærar

Korleis kan menneske overleve på framande planetar? Kan vi ved hjelp av ny teknologi konstruere kunstige økosystem og biosfærar? Utforsk kva vi kan lære av eksperiment med kunstige økosystem og biosfærar og diskuter kva dei kan fortelje oss om synet vårt på naturen og naturen sin eigenverdi.

Foto av åtte personar i raude dressar står framfor grøne planter inne i ein glaskuppel.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Kunstige biosfærar

Biosfæren er eit heilskapleg økosystem. Biosfæren vår er summen av alle økosystema på jorda og omfattar alle område der det finst organisk liv. Det har vore fleire eksperiment som gjekk ut på å lage kunstige biosfærar som kan gjere mennesket i stand til å overleve på romskip eller framande planetar.

  1. Tenk at du sjølv skulle leve i ein kunstig biosfære i eit romskip eller på ein framand planet. Korleis trur du det ville påverke synet ditt på naturen?

  2. Kva tenkjer du om planter og tre som er dyrka i ein kunstig biosfære? Har dei

  3. Tenk deg at vi konstruerer ein kunstig biosfære på månen eller på Mars. Diskuter om biosfæren på månen eller på Mars har same verdi som biosfæren på jorda.

  4. Trur du eksperiment med kunstige biosfærar først og fremst er nyttige fordi dei lærer oss å kontrollere naturen, eller trur du dei først og fremst er nyttige fordi dei kan lære oss å leve i pakt med naturen? Grunngi svaret.

Oppgåve 2. Spaceship Earth

Sjå filmen Spaceship Earth og svar på spørsmåla. Filmen handlar om menneska bak eksperimentet Biosphere. I dette eksperimentet budde åtte personar isolerte i to år i eit kunstig økosystem i Arizona, USA.

  1. Kva gjorde mest inntrykk på deg i filmen? Grunngi svaret.

  2. Kunne du tenkje deg å delta i eit eksperiment som gjekk ut på å leve i ein kunstig biosfære? Kvifor? Kvifor ikkje?

  3. På kva måtar kan eksperimentet Biosphere 2 leie til ei større forståing for naturen og jordas økosystem?

  4. Diskuter om Biosphere 2 representerer ei eller innstilling til naturen.

  5. Kva kan dette eksperimentet lære oss om moglegheitene til teknologien og avgrensingar i forhold til naturen?

  6. Kva kritikk fekk eksperimentet?

  7. Biosphere 2 blir skylda for å vere ei religiøs sekt. Kva trekk ved Biosphere 2 kan minne om ei religiøs sekt?

  8. I kva grad var eksperimentet i filmen vellykka? Grunngi svaret.

  9. Drøft følgjande påstand med utgangspunkt i filmen: Mennesket vil aldri kunne kontrollere naturen.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2022

Læringsressursar

Eigenverdien til naturen