Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Podkast: Natursyn med Dag O. Hessen

Vi menneske set gjerne oss sjølv i sentrum i høve til natur og levande organismar. Vi kan godt ta vare på naturen viss det er i vår eigen interesse, men har natur ein verdi utanom nytteverdien for oss? Har natur ein eigenverdi?
Jente møter blikket til fisk i akvarium. Foto.

Dag O. Hessen om natursyn

Dag O. Hessen diskuterer om natur har ein verdi i seg sjølv, utover nytta for oss menneske. Er menneske meir verdt enn dyr? Kva meiner vi med eit biosentrisk natursyn? Har kvar og ein av oss eit ansva...

0:00
-0:00

Oppgåver

  1. Kva er forskjellen på eit antroposentrisk og eit økosentrisk/biosentrisk syn på naturen?

  2. Kva legg Dag O. Hessen i omgrepet eigenverdien til naturen?

  3. Kva trur du er meint med utsegna "Vi lever av – og treng –naturen"? Gi døme.

  4. Forklar korleis mennesket er ein del av naturen.

  5. Kor mange prosent av organismane på jorda er høvesvis menneske, husdyr og ville pattedyr? Kva fortel dette om korleis menneske har påverka naturen opp gjennom historia?

  6. Kva er verdas overskotsdag? Kva er formålet med å markere ein slik dag, trur de?

  7. Kvifor er befolkningsvekst ein trussel mot det biologiske mangfaldet? Kva faktorar kan bidra til å redusere befolkningsveksten?

  8. Er menneske og dyr like mykje verd? Kva tenkjer de?

  9. Diskuter påstanden: "Ein elefant er meir verd enn ei manet."

  10. Korleis har jorda endra seg dei siste 50 åra? Kvifor har ho endra seg så mykje på så kort tid?

  11. Kva kan vi som enkeltmenneske gjere for å ta vare på naturen og miljøet?

CC BY-SASkrive av Åse-Torill Knarlag.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2021

Læringsressursar

Eigenverdien til naturen