Hopp til innhald

Fagstoff

Verdien av naturen

Dei fleste er glade i naturen, men kva slags verdi har han eigentleg? Har naturen verdi fordi han er til glede og nytte for oss menneske, eller har han ein verdi i seg sjølv?
Ein mann og ei kvinne tek ein selfie i fjelllandskap. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kan det av og til vere moralsk rett å øydeleggje delar av naturen og utsetje dyr for lidingar, eller er det alltid gale? Kva slags verdi har eigentleg planter, dyr og økosystem?

Kva betyr det at noko har verdi?

Menneske, dyr, planter og tinga rundt oss kan vere verdifulle på ulike måtar og i ulik grad. Verdien deira seier noko om kor viktige dei er, og korleis vi bør oppføre oss overfor dei.

Når noko har verdi, har vi ein grunn til å fremje, verne eller verne det. Viss du tenkjer at dyr har verdi, men ikkje steinar, så har du ein grunn til å verne dyra, men ikkje steinane.

Instrumentell verdi og eigenverdi

Det er ein forskjell på om noko har instrumentell verdi og om det har eigenverdi. Viss noko har instrumentell verdi, er det verdifullt fordi det er nyttig og kan brukast som eit middel til å oppnå noko anna. Pengar er til dømes verdifulle, fordi dei kan brukast til å kjøpe ting.

Viss noko har eigenverdi, er det derimot verdifullt for sin eigen del. Det har ein verdi berre fordi det eksisterer. Menneske har til dømes ein verdi i seg sjølv, men det er ein stor diskusjon om dyr, planter og naturen òg har eigenverdi.

Fleire ting kan både ha ein instrumentell verdi og ein eigenverdi. Eit skogholt i nærleiken av eit bustadområde kan ha instrumentell verdi fordi barna kan leike der, og dei vaksne kan bruke det som turområde. Men skogholtet kan òg ha ein eigenverdi. Fleire vil meine at både trea, plantene og dyra er verdifulle for sin eigen del.

Norges lover. Raud, tjukk bok med "Norges lover" trykt med gullskrift på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike syn på naturen sin verdi

Om du meiner at eit skogholt og dyra som lever der har eigenverdi, vil vere avhengig av synet ditt på naturen. Vi kan skilje mellom tre ulike oppfatningar av naturen og verdien til naturen:

  • I antroposentrismen har berre menneske eigenverdi. Viss du til dømes meiner at mennesket fritt kan gjere som dei vil med naturen, eller at naturen berre er verdifull så lenge han er nyttig for menneske, har du eit antroposentrisk syn på naturen.

  • I biosentrismen har levande vesen som dyr og menneske eigenverdi. Viss du til dømes er vegetarianar fordi du meiner det er gale å drepe dyr, vil du ha eit biosentrisk syn på naturen.

  • I økosentrismen har artar og heile økosystem eigenverdi. Viss du til dømes meiner at naturen består av heilskap, som er verdifull uavhengig av mennesket, har du eit økosentrisk syn på naturen.

Naturen i møte med teknologisk utvikling

Teknologi har gjort mennesket i stand til å forandre naturen rundt seg fullstendig. Desse endringane er så store, at nokon meiner vi no har bevega oss inn i ein ny geologisk tidsalder – antropocen – eller menneskets tidsalder. Denne tidsalderen er prega av at mennesket set tydelege spor etter seg gjennom til dømes

  • utrydding av biologisk mangfald

  • endringar av klima og auke av temperaturen på jorda

  • auka forureining og aukande surleiksnivå i havet

  • auka befolkningsvekst med aukande materielle krav

Ifølgje somme miljøvernarar er teknologien ei viktig årsak til dagens miljø- og klimaproblem. Vi må derfor prøve å verne naturen frå teknologiske inngrep og la så store delar av han som mogleg halde fram med å vere uberørt.

Andre miljøvernarar har eit meir positivt syn på ny teknologi. Dei hevdar at utviklinga av ny teknologi er ein viktig del av løysinga på dagens klima- og miljøproblem. Teknologioptimistar peikar til dømes på at Noreg kan redusere klimautslepp viss vi utviklar ny teknologi for karbonfangst og lagring. Ny teknologi har òg gitt oss auka kunnskap om naturen. Vi har til dømes fått auka kunnskap om dyr si evne til å kjenne smerte, noko som har ført til eit krav om å gi dyr auka vern og større rettar.

Ei sak som har skapt mykje debatt, og som viser dei positive og negative sidene ved ny teknologi, er bygginga av vindmøller. På den eine sida har ny teknologi gjort oss i stand til å byggje vindmøller som kan produsere store mengder rein energi. På den andre sida vil bygginga av vindmøller krevje store inngrep i naturen og bidra til at uberørte naturområde forsvinn.

Tenk etter: Korleis har teknologien endra synet vårt på naturen rundt oss? Er vi ein organisk del av naturen, eller er naturen noko vi står på utsida av og kan reparere og øydeleggje på same måte som ein maskin?

Mann med munnbind, hårnett og hanskar held fram eit laboratorieglas med ei hårlaus mus oppi. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Moralsk status

I samfunnet vårt har mennesket ein heilt spesiell verdi. Verdien til eit menneske kan ikkje målast i pengar, på same måte som til dømes mobiltelefonar, datamaskinar, hus og klede. Ein båt kan vere verd mange pengar og bety mykje for eigaren, men viss den søkk, er det først og fremst menneska om bord vi prøver å redde. Dette kjem av at menneske har ein annan verdi enn materielle gjenstandar. I motsetning til materielle gjenstandar som bilar og båtar har mennesket moralsk status.

Viss noko eller nokon har moralsk status, har vi moralske forpliktingar overfor det eller dei. Vi kan ikkje behandle dei som vi vil, men må ta omsyn til behova, interessene og velværet deira. Dei fleste vil vere einige i at alle menneske har moralsk status, og at vi til dømes har ei moralsk forplikting til å ta vare på og redde eit barn som er i ferd med å drukne. Det er derimot eit stort spørsmål kva slags moralsk status dyr, planter og økosystem har.

Kva for moralske forpliktingar har vi overfor eit dyr som lid, eller eit skogholt som er i ferd med å døy? Somme vil hevde at mennesket sin moralske status er basert på at vi kan kjenne glede og smerte. Fordi høgareståande dyr òg har denne evna, vil dei ifølgje denne tankegangen ha same moralske status som menneske. Dyr har derfor krav på vern mot til dømes dyreforsøk.

Andre vil hevde at det er forskjell på dyr og menneske, og at dyr derfor ikkje har same moralske status som menneske. Menneske er til dømes meir komplekse. Dei har ei større evne til å forstå kva som skjer med dei og setje det inn i ein samanheng.

Ifølgje dei forskingsetiske retningslinjene for dyreforsøk i Noreg har dyr ein viss moralsk status, men ikkje den same som menneske. Sjølv om dyr ikkje har same status som menneske, har dei eigenverdi og krav på respekt. Eit mål er å bruke færrast mogleg forsøksdyr, gi dei så god velferd som mogleg og prøve å utvikle alternative forskingsmetodar som ikkje involverer dyr.

Viktige omgrep:

Kjelder

Attfield, R. (2018). Environmental ethics. A very short introduction. Oxford.

Hverven, S. (2018). Naturfilosofi. Dreyer forlag.

Ursin, L. (2020, 17. april). Dyreforsøk. I Store norske leksikon. https://sml.snl.no/dyrefors%C3%B8k_-_medisinsk_etikk

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2022

Læringsressursar

Eigenverdien til naturen