Introduksjon til datanettverk
I private heim og små bedrifter bruker mange trådlaus-ruterar. Desse blir ofte leverte av ein nettleverandør og er ei samansett eining som inkluderer alle nettverks-komponentane som trengst for å få trådlaust og kabla nettverk og internett i ein liten bygning eller leilegheit. Alt samla i ein fysisk boks.
Døme på komponentane som kan vere inkludert i ein trådlaus ruter:
- Modem/medieomformar
- Ruter
- Brannmur
- Svitsj
- Aksesspunkt
Trådlausruterar er populære fordi dei er enkle å setje opp, tek liten plass og lagar lite rot.
Fordi trådlausruterar er laga hovudsakleg for den private marknaden, er dei ofte svakare og har mindre konfigurasjons-moglegheit enn dedikert utstyr tiltenkt bedriftsmarknaden.
Samansette einingar i opplæring og nettverksmodellar
For å forstå korleis datanettverk fungerer treng du kunnskap om kvar enkelt komponenttype som blir brukt i nettverka og korleis desse er kopla saman. I samansette einingar som trådlause ruterar er mykje av denne informasjonen skjult, noko som gjer det vanskelegare for ein nybegynnar å forstå korleis komponentane er sette saman.
Derfor er det lurt å sjå på kvar komponent for seg sjølv. Når du seinare skal lage nettverks-modellar bør du unngå å bruke samansette einingar (sjølv om du i praksis ville brukt ei slik eining viss du skulle sett opp nettverket).
Datanettverk består av ulike komponentar som blir sette saman for å dekkje det spesifikke behovet vi har i kvart enkelt nettverk. I animasjonen under er det sett opp eit enkelt døme. Dømet viser eit heimenettverk med ein trådlaus ruter. Animasjonen viser korleis kommunikasjon går mellom komponentane i nettverket og ut på internett.
LAN/WAN og oppbygginga av nettverket
Når vi snakkar om nettverk bruker vi ofte omgrepa LAN (Local Area Network) og WAN (Wide Area Network).
LAN er lokalnettverket som er på innsida av ruteren. Som privatpersonar eller IT-arbeidarar i bedrifter er det her vi stort sett arbeider. WAN er på utsida av ruteren og inkluderer alt anna (potensielt sett resten av internett).
Ofte kjem internett-tilkoplinga gjennom fiber, kabel-TV, 4G/5G eller ADSL, og vi bruker eit modem/medieomformar for å få signalet over i eit medium som er meir vanleg i lokalnettverk. Til dømes kopar-nettverkskabel med RJ45-pluggar.
Lokalnettverket (LAN) startar ved ruteren. Denne koplar saman det lokale nettverket (LAN) mot nettverket til nettleverandøren (WAN). Gjennom dette får vi tilgang til internett. Ruteren har ofte ein innebygd brannmur som filtrerer datapakkane som skal mellom LAN og WAN. I større bedrifter er brannmuren sin eigen komponent og plassert rett etter ruteren.
Ruteren er på innsida av nettverket kopla til ein svitsj. Svitsjen gjer det mogleg å kople saman fleire einingar i lokalnettverket. Til svitsjen kan vi kople maskiner og utstyr med kabel. Vi kan òg kople til aksesspunkt (AP) som gjer det mogleg å ha trådlaust nettverk.
Oppsummeringsspørsmål
Etter å ha lese teksten, kan du svaret på desse spørsmåla?
- Kva gjer ein trådlaus ruter?
- Kva blir meint med ei samansett nettverks-eining?
- Nemn komponentane som kan inngå i ein trådlaus ruter.
- Forklar kva LAN og WLAN er og forskjellen mellom dei.