Hopp til innhald

Fagstoff

Naturvitskaplege arbeidsmåtar

Til dagleg tenkjer vi på ein teori som noko usikkert, mens teoriar er den sikraste kunnskapen vi har i naturvitskapen. Desse vitskaplege teoriane er eit resultat av tallause eksperiment og observasjonar der hypotesar har blitt testa og bekrefta.

Frå minimenneske til kjempemolekyl

I interaktiviteten over finn du nokre eksempel på vitskapleg arbeid frå 1650 til 1962. Mange av desse vart til anerkjende teoriar som framleis gjeld. Du kjem til å møte fleire av dei når du jobbar med naturfag.

Sjå for eksempel på Semmelweis som i 1847, trass i stor motstand, innførte obligatorisk handvask for legar og redda mange liv. Han nytta ein vitskapleg systematisk metode, førte statistikk over døyelegheit og laga ein hypotese som vart testa ut. Dei resultata han fekk, var så overtydande at ein ny teori etter kvart måtte aksepterast.

Les artikkelen "Da håndvask ble vitenskap" på forskning.no.

Frå hypotese til teori

Når du skal løyse eit problem etter naturvitskaplege arbeidsmåtar, begynner du med å setje opp ein eller flere hypotesar for det du trur kan vere løysinga. Ein hypotese kan beskrivast som ei kvalifisert gjetting. Du veit ennå ikkje kva løysinga er, men du har ein idé.

For å kontrollere om hypotesen din stemmer, planlegg du ulike eksperiment (forsøk) som vil vise om du har rett eller ikkje. Det er viktig at forsøka blir beskrivne så nøyaktig at andre kan etterprøve konklusjonane dine ved å gjennomføre eksperimenta på same måten. Vi seier at ein hypotese må vere falsifiserbar. Det vil seie at det må være mogleg for andre å prøve å motbevise han.

Ein hypotese er ein tanke om sannsynleg samanheng, men når ein hypotese er bekrefta tilstrekkeleg mange gonger, får han status som ein teori.

På veg mot ein teori

Etter kvart som du gjennomfører forsøk, kan du bli nøydd til å forkaste nokre hypotesar, og lage nye. Kanskje sit du att med ein hypotese som ser ut til å halde. Dersom andre kjem til det same resultatet som deg, vil det bli einigheit om at hypotesen er ein god modell for å beskrive verkelegheita. Dersom forskarmiljøet kjem til ei slik einigheit, vil hypotesen få status som ein teori.

Ein teori er altså inga gjetting, men noko som er underbygd av ulike eksperiment over lang tid – noko som verdas forskarar stort sett er einige om.

Tenk gjennom!

Kva for naturvitskaplege teoriar kjenner du til?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2020

Læringsressursar

Forsking, metodar og modellar