Sikkerheit og risikovurdering - Naturfag (EL) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Sikkerheit og risikovurdering

Sidan du skal risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå dei på ein forsvarleg måte, må du kjenne til korleis du kan bruke sikkerheitsdatablad. I tillegg vil kunnskapen du har om HMS, ordensreglar og utstyr, hjelpe deg til å unngå farlege situasjonar.

Sikkerheit på laben – ditt og alles ansvar

Det er viktig å tenkje på sikkerheit og når du arbeider i eit laboratorium. Alle ordensreglar, rutinar for avfallshandtering og sikkerheitsreglar i laboratoriet er der for å hindre helseskadar og for at laboratoriet skal vere ein praktisk og trygg arbeidsplass. I eit skulelaboratorium med mange brukarar er det ekstra viktig at alle tek ansvar og følgjer reglane som gjeld der.

E-førelesinga «Sikkerheit i laboratoriet» summerer opp gode labrutinar, sikkerheit og førstehjelp i laboratoriet.

Sikkerheitsdatablad

Når du bruker kjemikalium i forsøka dine, er sikkerheitsdatablada det oppslagsverket som gir deg all nødvendig informasjon om kjemikalia. Sikkerheitsdatablada inneheld standardiserte internasjonale risikosetningar og sikkerheitssetningar som skal gjere informasjonen lett å forstå.

Merkinga på emballasjen gir òg viktig informasjon. Til saman skal datablada og merkinga sikre at all behandling av kjemikalium kan skje så trygt at verken menneske, miljø eller omgivnader blir skadde.

Risikovurdering

Føremålet med å risikovurdere forsøk er at du skal minske risikoen for uhell og bli medviten om moglege faremoment. Det inneber mellom anna å

  • kontrollere faremoment og avfallshandtering for dei kjemikalia du skal bruke
  • erstatte farlege kjemikalium med mindre farlege stoff
  • bruke riktig verneutstyr og avtrekk når det trengst
  • sikre at brennarar og kokeutstyr står stødig
  • tenkje gjennom kva som kan gå gale, og gjere tiltak for å redusere risikoen

Dokumentasjon av risikovurdering

Du kan bruke dokumentasjonsverktøyet til å risikovurdere alle forsøka dine. Når du har svart på spørsmåla, kan du laste ned ei samla risikovurdering for forsøket.

Relatert innhald

Skrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 23.02.2020