Hopp til innhald

Fagstoff

Årsplan for naturfag på YF – handverk, design og produktutvikling

Det er mange måtar å nå eit mål på. Her kjem eit forslag til korleis du kan planleggje komande skuleår etter læreplanen (LK20) ved hjelp av fagressursane NDLA tilbyr i naturfag.
Kalenderblad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fagressursane i naturfag frå NDLA dekkjer heile læreplanen (LK20). Dette omfattar dei grunnleggjande ferdigheitene, kjerneelementa, dei tverrfaglege temaa og kompetansemåla. Med nytt og spennande fagstoff håper vi å kunne bidra til skaparglede, engasjement, utforskartrong, nysgjerrigheit og kritisk tenking både i og utanfor klasserommet.

Årsplan for naturfag på YF – handverk, design og produktutvikling

Vi har utarbeidd eit forslag til årsplan med hovudemne, fokusområde, læreplantilknyting og lenkjer til eit utval fagressursar for kvart emne.

Planen er rettleiande og kan lastast ned. Det er enkelt å tilpasse han til ulike elevgrupper og skulen sin eigen årsplan.

  • Læreplantilknytinga er lagd inn periodevis for dei ulike emna, og vi viser til ho ved starten av eit nytt emne.

  • I planen har vi lagt til rette for å jobbe med dei tverrfaglege temaa i tilknyting til fleire av dei eigne emna i naturfaget. Dette er spreidd utover heile skuleåret og utgjer totalt fire veker. NDLA tilbyr mange måtar å jobbe med dei tre tverrfaglege temaa på. Enkeltlærarar kan bruke ressursane i faget sitt eller samarbeide på tvers av ulike fag.
  • Kompetansemålet «utforske ei sjølvvald naturfagleg problemstilling, presentere funn og argumentere for val av metodar» er godt eigna innanfor alle emna i naturfaget. I årsplanen er det plassert i vekene 18/19/20 under emnet klima og miljø, men dette er det enkelt å justere og tilpasse til andre emne.

Årsplanen som redigerbar tekstfil og PDF.

Filer

Årsplan naturfag Vg1 DT

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 13.08.2021

Læringsressursar

Årsplanar i naturfag