Hopp til innhald

Kommunikasjon og samhandling (HS-BUA vg2)

Språk- og personlegdomsutvikling

Det er viktig å skape eit mangfaldig språkstimulerande miljø for barn og unge. Språket blir utvikla i samspel med andre, og det har noko å seie for læring, kommunikasjon og relasjonar. Vi uttrykker tankar, kjensler og behov, og korleis vi blir møtte, påverkar korleis vi oppfattar oss sjølve.

Språkutvikling

Vi nyttar språket til å kommunisere med andre, og det gjer det mogleg for oss å formidle tankar, ønske, idéar og kjensler. Språket påverkar alle sider ved utviklinga til barn, og det utviklar seg heile tida. Språkutviklinga til barn dreier seg om korleis dei tileignar seg språket.

Læringsressursar

Språkutvikling