Kommunikasjonsmetodar
I arbeid med menneske er kommunikasjonen din avgjerande for å skape gode relasjonar med både barn, foreldre, kollegaer og andre. Når du er medviten din eigen måte å kommunisere på og kan tilpasse kommunikasjonen til dei du møter, kan du bidra til tryggleik og tillit, utvikling og læring.