Hopp til innhald

Kommunikasjon og samhandling (HS-HSF vg1)

Mangfald og sosial kompetanse

Respekt for menneske, kulturar og tradisjonar er, i tillegg til sosial kompetanse, blant dei sentrale verdiane for opplæringa i helse- og oppvekstfag.

Mangfald

Alle menneske er ulike. Som fagarbeidar innan helse- og oppveksttenestene er det viktig å respektere mangfald og anerkjenne at alle har like rettar uavhengig av kulturbakgrunn, kjønn, seksualitet eller funksjonsnivå.