Kommunikasjon og samhandling (HS-HSF vg1)
Felles programfag saman med:Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1)ogYrkesliv i helse- og oppvekstfag (HS-HSF vg1)
Kommunikasjon og relasjon
Menneskeleg kommunikasjon kan gå føre seg på ulike måtar og har som mål at kvart individ får formidla tankane og behova sine. Det kan gå føre seg verbalt (språkleg) og ikkje-verbalt ved hjelp av kroppsspråk eller til dømes lydar, peiking eller augekontakt.
Samhandling og relasjonar
I arbeid med menneske er det viktig å byggje gode relasjonar mellom deg som profesjonell yrkesutøvar og brukarane av helse- og oppveksttenester.