Oppgåve
Vurder "Folkeopplysningen"-episode med eit ver varsam-blikk
Det er viktig for media å verke truverdige. Skjulte opptak skal normalt unngåast, og intervjuobjekt skal vite kvifor dei blir intervjua. Sjå "Folkeopplysningen: Sosiale Mehdi" (39 minutt) og svar på spørsmål om etikk og Ver varsam-plakaten.
- Kva er hovudinntrykket ditt etter å ha sett dette programmet?
- Kva tenkjer du om at Folkeopplysningen konstruerte ein falsk dag for Mehdi?
- Kva tenkjer du om at Mehdi fekk vite at han skulle bli intervjua for ein serie om gründerar, og at opptaka blir brukte i ein annan samanheng?
- Er det lov å bruke skjult kamera?
- Er det nokon av metodane i programmet som er i strid med Ver varsam-plakaten?
- Korleis kunne temaet vorte belyst utan å bruke skjult kamera og konstruere ein dag for Mehdi?
- Kva er fordelar og ulemper med at Folkeopplysningen valde å løyse det på denne måten?