Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Finn opp ein diskusjons-app!

Mange av plattformene for diskusjon på nett er designa på ein måte som gjer at hets, einvegs-kommunikasjon og sterke motsetningar har blitt ein del av nettdebatten. Kan du finne opp ein app som gir ein betre samfunnsdebatt?
Mobiltelefon med appar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Del 1

Kva er situasjonen i dag? Bruk to minutt på å diskutere med sidemannen din kva som kjenneteiknar ein typisk diskusjon på digitale medium i dag.

Del dette med klassen for å skape ei felles forståing for problema som de no skal bidra til å løyse.

Del 2

Kom opp med ein idé til ein ny app eller ei digital plattform som løyser problema de beskreiv i del 1, og som fremjar samarbeid, lytting og nyansar.

  1. Bruk først fem minutt individuelt til å skrive ned tankar og idear.
  2. Gå så saman i grupper på tre for å dele ideane. Jobb saman med å utvikle ein felles app-idé. Illustrer ideen dykkar med teikningar.
  3. Fordel desse oppgåvene i gruppa:
  • Ein i gruppa skal ha ansvaret for å drive arbeidet framover og passe på at alle får bidra i diskusjonen.
  • Gruppemedlem nummer to skal ha ansvaret for å notere ned alle idear som kjem opp.
  • Den tredje gruppemedlemmen skal ha ansvaret for å søkje opp informasjon som de kan bruke i arbeidet. Hen skal òg passe på at gruppa svarar på oppgåva med bidraget sitt.

Del 3

Presenter app-ideen dykkar for klassen:

  1. Forklar korleis de trur han vil påverke samfunnsdebatten.
  2. Korleis har de løyst nokon av problema som de beskreiv først i oppgåva?

Del 4

Diskuter og vurder alle app-forslaga. Kva for ein av ideane trur de vil fungere best? Kvifor? Sjå spesielt på desse punkta:

  1. Korleis har appen lagt til rette for at det er rom for å ha ulike meiningar?
  2. Korleis er appen utforma for at det skal bli vanskelegare å kome med personangrep og hets?
  3. Kven trur de kjem til å bruke appen til å diskutere?
CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 06.10.2019

Læringsressursar

Tverrfaglege prosjekt – Informasjonsteknologi og medieproduksjon