Hopp til innhald

Visuelle medium

Du kan jobbe med mange ulike visuelle teknikkar. Nokre produkt er behagelege, vakre, melankolske. Andre er groteske, provoserande, vanskelege å forstå. Det er viktig med kunnskap om komposisjon, verkemiddel, fotografering, grafisk design og ulike medium når du jobbar med visuelle uttrykk.

Grafisk design

Grafisk design handlar om å utforme visuelle bodskap ved bruk av form, fargar, visuelle element og tekst. Det er mange ulike teknikkar. Idéarbeid er viktig. Grafiske designarar jobbar kreativt og praktisk, og dei produserer innhald til skjerm, trykk eller fysiske produkt.