Introduksjon
CC BY-SA 4.0
Hensikta med denne læringsstien er å hjelpe deg til å forstå kva makt er, korleis media og andre aktørar utøver makt, og til å reflektere over korleis media påverkar deg som individ og det samfunnet du lever i.
Når du har gjennomført denne læringsstien, skal du
- kjenne til nokre samfunnsvitskaplege definisjonar på kva makt er, og korleis makt kan utøvast
- forstå korleis media kan utøve makt i eit samfunn, og korleis media kan brukast av andre til å utøve makt
- kunne reflektere over og drøfte ulike sider ved den makta redaksjonelle og sosiale medium har i Noreg i dag