Hopp til innhald
Eigenvurdering

Eigenvurdering av emnet offentlegheit og media si makt

Kva rolle speler media i offentlegheita? Og korleis kan polarisering, fragmentering og ekkokammer-effekt verke avgrensande på offentlegheita? Her skal du vurdere di eiga forståing av emnet offentlegheit og media si makt.

Kva kan du om emnet offentlegheit og media si makt?

Gå gjennom punktlista og få oversikt over din eigen kompetanse.

  • Eg kan forklare omgrepet offentlegheit og knyte det til spørsmål som handlar om mediemakt, mediemangfald og mediepolitikk.

  • Eg veit at redaksjonelle medium både er arena for offentleg debatt og ein mektig aktør i offentlegheita.

  • Eg har lært korleis polarisering, fragmentering og ekkokammer-effekt kan verke avgrensande på offentlegheita.

  • Eg har kunnskap om kva som er føremålet med offentleg innsyn og offentleglova.

  • Eg kan forklare sentrale maktomgrep.

  • Eg har fått erfaring med korleis eg sjølv kan bidra med innlegg i den offentlege debatten.

Omgrep

  • bruksmangfald

  • ekkokammer-effekt