Skriftleg oppgåve: mediemakt
Du skal vise at du
kan omgrep om mediemakt, og at du kan bruke og forklare dei med døme
kan nytte kunnskap om mediemakt når du ønskjer å setje ei sak på dagsordenen
kan drøfte ei sentral problemstilling
Svar kort på spørsmåla under. Legg vekt på å formulere svara presist.
Kva meiner vi når vi seier at media både er ein arena for utøving av makt og ein maktaktør?
Forklar omgrepa viljemakt, definisjonsmakt og strukturell makt. Gi døme på korleis desse tre formene for makt blir utøvde i redaksjonelle og sosiale medium.
Forklar omgrepa "medialisering" og "offentleg samtale", og gjer greie for korleis ulike aktørar som deltek i den offentlege samtalen i dag, tilpassar seg logikken til media.
Skriv eit kort innlegg til eit sosialt medium der målet er å setje ei sak som opptek deg på dagsordenen slik at det blir ei forandring. Teksten skal vere på maks 100 ord.
Gjer deretter greie for kva kanal du vil bruke for å lykkast med å påverke dei som har makt i samfunnet, og kvifor du vel nettopp denne kanalen.
Drøft denne utsegna:
I dag blir mediemakt utøvd i like stor grad i sosiale medium som i redaksjonelle medium.
Det kan vere relevant å òg ta i bruk teoriar om mediepåverknad i arbeidet med drøftinga.
Relatert innhald
Ei trinn-for-trinn-innføring i korleis du kan lage gode avsnitt når du skal drøfte.
Vi blir alle påverka av media rundt oss. Det finst ulike teoriar om korleis vi blir påverka og kor mykje dette styrer haldningane og handlingane våre.