Kvar går grensa? #metoo og mediemakt
#metoo starta som ein kampanje i sosiale medium i oktober 2017. Kvinner delte historier om overgrep og seksuell trakassering og brukte emneknaggen #metoo. Dette har gjort det enklare å gi beskjed om overtramp, og mange organisasjonar har fått på plass rutinar for korleis dei skal behandle saker om trakassering på arbeidsplassen.
Kvinner og jenter over heile verda har støtta #metoo-kampanjen. Mange politikarar og kulturkjendisar har blitt avslørte for åtferda si og har måtta forlate stillingane sine. I Frankrike meiner nokre at det no har gått for langt, og at menn må få lov til å flørte.
Sjå teksta versjon på NRK TV: Urix 15. januar 2018.
Diskuter i grupper, gjerne på tvers av kjønn:
- Kvar går grensa mellom trakassering og flørt?
- Når skal vi seie frå om at noko ikkje er greitt?
Sjå teksta versjon på NRK TV: Urix 15. januar 2018.
Søk på #metoo i ulike søkemotorar, avisdatabasar, avishus og sosiale medium. Finn svar og gjer dykk opp ei meining om desse spørsmåla:
- Kva handlar dei siste #metoo-sakene om? Når er dei frå?
- Kva vinklingar finn de i journalistiske saker om #metoo i media?
- Plukk ut nokre kjelder som de set dykk grundig inn i, og presenter for andre.
- Kva betydning hadde sosiale medium for utbreiinga av #metoo-kampanjen i 2017?
- Kva betydning har tradisjonelt journalistisk arbeid for #metoo og seksuell trakassering?
- Kva har mediemakt å gjere med #metoo-kampanjen? Kvifor må media passe på å balansere makta si i #metoo-saker?
Skriv ein fagtekst med tittelen: "Mediemakt og #metoos betydning for individ og samfunn". Formuler ei avgrensa problemstilling og referer til kjelder i teksten.
Relatert innhald
Når du gjer nettsøk, kan du bruke strategiar for navigasjon og bruk av søkjeord, du kan planleggje og dokumentere søk, og du kan bruke lesestrategiar.
Generelle tips til korleis du kan jobbe med ei kompleks problemstilling.