Hopp til innhald

Mediebevisstheit og medborgarskap

Emnet set fokus på offentlegheita og kva konsekvensar medieutviklinga har for ulike medieaktørar og den aktive og kritiske medborgaren. Ulike problemstillingar blir tekne opp, og du får drøfta sider ved mediepåverknad og makta til media.

Konsekvensar av medieutviklinga

Medieutviklinga har konsekvensar for samfunnet og kvar enkelt av oss. Dette emnet tek for seg korleis informasjonskløfter og digitale skilje kan vere ei utfordring for demokratiet. Du får også ei innføring i korleis algoritmar og stordata blir brukte i mediebransjen, og korleis dette påverkar oss.