Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder og samanlikn klimasaker

Korleis set norske og internasjonale medium klimaspørsmål i fokus? I denne oppgåva skal du samanlikne saker frå ulike medium.
Ein mann har på seg ei kraftig gassmaske for å beskytte seg mot forureining. Han held telefonen sin og ser ned på han. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåva

Vurder korleis norske TV 2 og amerikanske CNN set klimaspørsmål i fokus.

1. Få oversikt

Gå inn på desse sidene:

2. Analyser ei sak frå kvar nyheitskanal

Ta for deg ei sak frå TV 2 og ei sak frå CNN. Analyser det journalistiske arbeidet i sakene.

Bruk steg-for-steg-oppskrifta i fagartikkelen "Slik vurderer du journalistisk arbeid" som utgangspunkt for analysen.

Gå inn på desse punkta i analysen:

  1. Innhald

  2. Kjeldebruk

  3. Sjanger

  4. Oppbygging

  5. Presentasjon

  6. Språk

  7. Kanal/format


3. Finn nyheitskriterium

Nyheitskriteria beskriv kva som kjenneteiknar nyheiter. Saker med høg nyheitsverdi er gjerne basert på minst to av desse kriteria. Kva nyheitskriterium finn du i klimasakene frå TV 2 og CNN?

Fagartikkel: Nyheitskriterium


3. Samanlikn medieinnhaldet

  • Kva er likt og kva er ulikt når det gjeld innhald, kjeldebruk, sjanger, oppbygging, presentasjon, språk og kanal/format i klimasakene frå TV 2 og CNN?

  • Vurder avsendaren. Kva type medieaktør er TV 2 og CNN? Kva er likt, og kva er ulikt ved avsendarane TV 2 og CNN? Grei ut.

  • Drøft samspelet mellom bodskap, avsendar, mottakar og det samfunnet som kommunikasjonsprosessen er ein del av.

Ekstraoppgåve

Finn døme på klimasaker frå andre norske og internasjonale medium. Ver kjeldekritisk og vurder kva som er hensikta og funksjonen til kommunikasjonen.


Relatert innhald

Ein journalist må ha kunnskap om kva for hendingar som skal prioriterast og bli til nyheitssaker. Nyheitskriteria beskriv kjenneteikn ved nyheiter.

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2022

Læringsressursar

Nyheitsformidling om klimaet, berekraft og forbruk