Hopp til innhald
Oppgåve

"Kode rød": Gjer ein tekstanalyse

Sjå nærare på korleis VG framstiller klimaspørsmål i nettsaka "Kode rød". Du skal analysere og vurdere medieteksten.

1. Les saka frå vg.no

"Hva er det egentlig som er i ferd med å skje med kloden vår?"

Nettsak, VG: Kode rød

2. Svar på spørsmål i grupper

A) Vurder kommunikasjonen

  • Forklar kommunikasjonsprosessen i VG-saka. Bruk Lasswells hugseregel for kommunikasjonsanalyse: "Kven seier kva, til kven, gjennom kva kanal og med kva verknad?"

  • Bruk prosessmodellen for å beskrive kommunikasjonsprosessen meir inngåande, med innkoding, avkoding og problem som kan oppstå med støy.

  • Kva verkemiddel og uttrykksmåtar blir nytta for å formidle bodskapen i saka?

  • Kva verkemiddel blir brukte for å spele på kjenslene til mottakarane?

  • Trur de VG når fram til målgruppa si med denne saka? Grunngi svaret.

B) Reflekter rundt meininga til medieteksten

Korleis vil de vurdere samspelet mellom bodskap, avsendar, mottakar og den kulturen eller samfunnet som kommunikasjonsprosessen er ein del av?

Bruk gjerne ein interaksjonsmodell som hjelpemiddel når de skal beskrive og forstå meininga med medieteksten.

C) Vurder hensikt og funksjon

  • Kva er formålet med medieteksten?

  • Kva funksjon har journalistiske saker som tek opp på klimaspørsmål?

D) Vurder konteksten

  • I kva kontekst er medieteksten skapt? Vurder samanhengen mellom tekst og kontekst.

Ekstraoppgåve

Finn døme på andre saker i norske og internasjonale medium som tek opp klimaspørsmål. Ver kjeldekritisk og vurder kva som er hensikta med kommunikasjonen.


Relatert innhald