Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Mediefagleg tekstanalyse: moteplagg og miljømareritt

Korleis presenterer media spørsmål om klima, forbrukarsamfunn og berekraftig utvikling? Dette skal vi sjå nærare på i denne oppgåva. Du skal analysere ein podkast som handlar om miljøutfordringar i motebransjen.
Kvinneleg tekstilarbeidar i Bangladesh. Ho sit ved ei symaskin og har munnbind på seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve: analyse av medietekst

  1. Lytt til denne podkasten frå NRK Oppdatert: podkasten frå NRK Oppdatert "Moteeventyret som ble til et miljømareritt". (Podkasten varer i 22 minutt.)

  2. Skriv deretter ein analyse av podkasten.

Kva er tekstanalyse?

Når du skriv ein tekstanalyse, skal du plukke medieteksten frå kvarandre. Her skal du sjå nærare på enkeltdelar i podkasten og finne ut korleis han er sett saman, og korleis han fungerer som ein heilskap.

Du skal òg undersøke kva kontekst og samanheng medieuttrykket inngår i, og du skal reflektere rundt formålet og hensikta med podkasten.

Tips til disposisjon av tekstanalysen

1. Innleiing

Beskriv podkasten kort:

  • Kva slags type medietekst er dette?

  • Kva er temaet og bodskapen?

  • Kva er hovudpåstanden i medieteksten?

  • Formuler ei problemstilling du vil svare på. Slik avgrensar du kva du skal skrive om.

2. Hovuddel

Vel punkt, forklar relevante omgrep og bruk dei i analysen.

  • Kontekst og samanheng: Set medieteksten inn i ein kontekst.

  • Funksjon: Kva er hensikta og formålet med podkasten?

  • Avsendar og mottakar: Kven er avsendar og mottakar av podkasten? Beskriv kommunikasjonen, bruk prosessmodellen som hjelp, sjå fagartikkelen "Kommunikasjon som prosess og støy".

  • Kjeldebruk: Korleis vil du vurdere kjeldebruken? Vis til intervjuobjekt og kjelder som blir brukte i podkasten. Bruk TONE-strategien for å vurdere kjeldene kritisk.

  • Oppbygging: Beskriv strukturen, bruken av forteljarelement og verkemidla.

  • Retoriske strategiar: Korleis appellerer podkasten til kjenslene dine? Korleis appellerer podkasten til fornufta di?

Diskusjon og refleksjon i hovuddelen:

  • Vil du seie at avsendaren lykkast med prosjektet sitt?

  • Kva effekt kan denne medieteksten ha på mottakarane og samfunnet? Korleis kan podkasten påverke samfunnsdebatten?

  • Kvifor er det viktig at NRK tek opp spørsmål som handlar om klima, forbrukarsamfunn og berekraftig utvikling?

3. Oppsummering og konklusjon

Kva var problemstillinga di? Kva grep og kjenneteikn er sentral for medieteksten?

Samanfatt og konkluder.

Tips

Les gjennom fagartikkelen "Hugseliste ved utforming av analyseoppgåver". Bruk element du meiner er relevante for analysen din.

Kvalitetssjekk

Fire jenter jobbar saman på ei berbar datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du leverer inn analysen, treng han ein kvalitetssjekk. Jobb saman med ein medelev. Du les teksten til medeleven din, og omvendt.

Gi kvarandre konstruktive tilbakemeldingar. Sjå til slutt etter slurvefeil, dårlege formuleringar og manglande flyt.


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2022

Læringsressursar

Nyheitsformidling om klimaet, berekraft og forbruk