Er grøn vekst mogleg? - Mediesamfunnet 3 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Er grøn vekst mogleg?

Kva er forskjellen på grå og grøn vekst? Kan verda få auka velstand utan at det øydelegg miljøet?

Ein av dei største konfliktane internt i miljørørsla handlar om grøn vekst. Er det mogleg med framleis auka velstand og rikdom i verda samtidig som vi lever på ein berekraftig måte? Eller er vi nøydde til å redusere forbruket og akseptere ein nedgang i levestandarden for å redde miljøet?

I denne oppgåva skal du utforske argument for og mot grøn vekst, vege dei mot kvarandre og komme med din eigen konklusjon.

Kjelde 1: Grøn vekst er mogleg og ønskjeleg

Les blogginnlegget "Grønn vekst er mulig og ønskelig" av Per Espen Stoknes på Energi og Klima sine nettsider og svar på spørsmåla under. Det kan vere lurt å løyse oppgåvene etter kvart som du les, sidan dei kan hjelpe deg å forstå teksten.

  1. Stoknes er kritisk til "grå vekst". Kva legg han i dette omgrepet? Gi nokre døme på grå vekst.
  2. Stoknes meiner "grøn vekst" er mogleg og ønskjeleg. Kva legg han i dette omgrepet? Gi nokre døme på grøn vekst.
  3. Korleis ser Stoknes for seg at den grøne veksten skal ta over for den grå?
  4. Resesjon er det motsette av økonomisk vekst. Kva er ifølgje Stoknes dei negative konsekvensane av ein resesjon?

Kilde 2: Det er umogleg å nå klimamåla utan å redusere den økonomiske veksten

Les debattinnlegget "Det er umulig å nå klimamålene uten å redusere den økonomiske veksten" av Carlo Aal i Aftenposten og svar på spørsmåla under.

  1. Kvifor meiner Aal at det er den økonomiske veksten som er sjølve rota til klimaproblemet?
  2. Kva er ifølgje Aal grunnen til at teknologi åleine ikkje kan redde oss?
  3. Kva tiltak, ved sida av teknologi, er nødvendige for å redde klimaet, ifølgje Aal?

Oppsummering og konklusjon

Saml dei viktigaste argumenta frå artiklane og prøv å formulere din eigen konklusjon.

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 26.06.2020