Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk av fokusgrupper i programskaping

Studer korleis profesjonelle programskaparar har brukt fokusgruppeundersøkingar for å utvikle nye program som seriane Rådebank og Utan pappa. Få med deg konkrete tips til ditt eige arbeid.
Ei gruppe menneske som held ark med spørsmålsteikn framfor ansiktet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk av som metode i programskaping handlar om å gjere seg godt kjend med målgruppa: Kva har målgruppa eigentleg behov for?

Fokusgrupper er planlagde på førehand, og gruppesamtalen blir gjennomført systematisk etter planen. Du kan bruke fokusgrupper før og undervegs i ein produksjonsprosess. Slik samlar du informasjon og testar idéar innanfor eit tema.

Fokusgrupper kan òg gi respons på medieinnhald som er under produksjon. Engasjerer anslaget? Liker dei hovudpersonen? Passer musikken? Innsikta bruker vi til å gjere konseptet for programmet betre.

Ungdomsprogram om økonomi

Skal programmet handle om å setje opp budsjett og rekneskap, eller om kvifor mange unge får økonomiske problem?

  • Kva treng ungdommar å vite?

  • Kva lurer dei på, kva er behova deira?

  • Er det forskjellar mellom aldersgrupper?

Korleis ville du ha planlagt ei fokusgruppe for eit konsept om ungdom og økonomi?

Fokusgrupper sentralt i utviklinga av Rådebank

NRK-serien Rådebank handlar om rånemiljøet i Bø og er inspirert av hendingar frå Bø, Ulefoss og Notodden. Fokusgruppeintervju var sentralt i utviklinga av tv-serien.

Fokusgruppedeltakar Morten Febakke seier at han sleit med å halde tårene tilbake då han fekk sjå dei tre første episodane før serien vart offentleggjord.

– Det var teke så på kornet at eg måtte heim og tenke meg om. [...] Eg følte meg så blottlagd, på ein god måte, det var ikkje noko negativt.

Morten Febakke, fokusgruppedeltakar i Rådebank

I filmen får du sjå korleis NRK brukte fokusgrupper i programutviklinga av Rådebank.

Fokusgruppe endra fokuset i tv-serien Uten pappa

Mikkel Niva har vakse opp utan far og ønskte å lage ein serie om farsroller, utan å gå inn på si eiga historie. P3 gjorde eit innsiktsarbeid og samla ei gruppe med unge menn i alderen 17–21 år. Fokusgruppesamtalen varte i tre timar og vart leidd av psykolog Peder Kjøs.

Gjennom fokusgruppa fekk P3 informasjon om at unge menn i liten grad snakkar om kjensler. Dei fann òg ut at gutar som veks opp utan far, kan oppleve det som vanskeleg. Fleire av deltakarane hadde mange like opplevingar knytte til det å vekse opp utan far.

Programkonseptet skulle først handle om farsrolla generelt, men vart endra til å handle om å vekse opp utan pappa. Niva og historia hans vart likevel sentralt i programma. Han fortel om opplevingane og samtalane sine med ulike gjester om temaet. Resultatet vart NRK-serien Uten pappa.

Jobb med spissa målgruppe og nå fleire

To smilande gutar i tenåra. Foto.

I september 2015 kom det første klippet i den norske storsuksessen Skam, skapt av Julie Andem. Serien slo svært godt an både i innland og utland og til mange målgrupper.

Det vart gjort 250 intervju av jenter på 16 år i arbeidet med å utvikle Skam. Sjølv om serien var tiltenkt tenåringsjenter, har den nådd langt fleire sjåarar.

Jeg tror at hvis du prøver å gå bredt, å nå mange, når du ingen. Det faller imellom. Men hvis du er helt kompromissløs på én målgruppe, kan det nå alle.

Julie Andem, regissør og manusforfattar bak Skam, sitert av Gonsholt (2016)

Skal du gjere alle fornøgde, kan det bli eit vagt produkt som ikkje treffer nokon. Kanskje du manglar ein nerve eller puls, som er viktig for å engasjere og trekke publikum inn i eit programkonsept. Kjenner du målgruppa og har kommunisert med dei undervegs, veit du mykje betre kva som skal til for å vekke kjensler med ein relevant bodskap.

Kjelder

Gonsholt, S. V. (2016, 26. februar). Slik skapte hun "Skam". Dagens næringsliv, D2. https://www.dn.no/d2/profil/julie-andem/tv/underholdning/slik-skapte-hun-skam/1-1-5585384

Handgaard, B. (2020). Historiefortelling på digitale plattformer (3. utg.). Cappelen Damm Akademisk.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2022

Læringsressursar

Målgrupperetting