Lag ein dokumentasjonsvideo
Dokumentasjonen av ein produksjonsprosess kan visast fram på ulike måtar. Han kan vere skriftleg og/eller visuell. I denne oppgåva skal du fokusere på det visuelle.
Bruk bilete, videoklipp og lyd for å vise og reflektere over produksjonsprosessen i eit arbeid du har gjort.
Du skal grunngi vala du har teke, og vise korleis du har jobba for å sikre kvalitet i dei ulike fasane av produksjonsprosessen.
Planlegg strukturen på videoen, og skriv manus. Hugs å få med fagord. Kva element må du ha med for å vise korleis og kvifor du har gjort noko, og ikkje berre kva du har gjort? Dokumentasjonsvideoen skal vere kort (2–4 minutt), og du må sørgje for å få med det viktigaste.Saml dokumentasjonen din. Ta bilete eller video av planar og dokument frå produksjonsprosessen, både frå idéutviklinga og gjennomføringa, til dømes tankekart, skisser, dreiebok, manus og produksjonsplanar. Prøv å få god kvalitet på bilete og video.
Spel inn forteljarstemme.
Set saman bilete, video og forteljarstemme i eit eigna videoredigeringsprogram. Legg til andre passande lydkjelder. Du bør ha ein tekstplakat i starten av videoen som seier noko om kva slags medieproduksjon du har dokumentert. Bruk gjerne dramaturgi og verkemiddel for å halde på merksemda til mottakarane.
- Vis videoen for klassen, og reflekter rundt fordelar og ulemper ved å bruke videodokumentasjon for å dokumentere ein produksjonsprosess.