Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Prosjektoppgåve – døme

Her er eit døme på korleis ei prosjektoppgåve om arbeid med reelle datasett i R1 kan sjå ut.

Eit av kompetansemåla i matematikk R1 er at eleven skal kunne "planlegge og gjennomføre et selvstendig arbeid med reelle datasett knyttet til naturvitenskaplige temaer og forhold, og analysere og presentere funn". I tillegg skal eleven "anvende derivasjon til å analysere og tolke egne matematiske modeller av reelle datasett".

Oppgåve

Du skal arbeide med eit prosjekt der du skal innhente, handtere og analysere data og presentere funn frå desse. Du skal lage ei problemstilling som du skal svare på ved å bruke datamaterialet.

Sluttproduktet i dette arbeidet skal vere todelt.

Hovuddelen skal vere ein munnleg presentasjon. Det er valfritt om du vil gjennomføre han i klasserommet eller spele han inn som ein film. Presentasjonen skal vere inntil 10 minutt lang og skal innehalde

  • ei innleiing der du presenterer problemstillinga og kva du ønsker å finne ut

  • ein hovuddel der du presenterer og analyserer funn

  • ei avslutning der du samanfattar og lagar ein konklusjon knytt til problemstillinga

  • kjelder

I tillegg skal du levere eit refleksjonsnotat. Det skal innehalde

  • ein logg over arbeidet

  • ei oversikt over korleis kjeldene er brukt

  • refleksjonar om prosessen og kva du har lært

  • refleksjonar om kva du eventuelt kunne ha gjort betre

Forslag til ressursar

I dette prosjektet står du fritt til å velje ei problemstilling innan eit av dei andre realfaga du har, eller ei anna problemstilling innan naturvitskaplege forhold.

Under er ei liste med ressursar du kan bruke som utgangspunkt. Legg merke til at dette er berre forslag. Har du noko anna, noko eige du vil bruke, er det òg bra.

Vurderingskriterium

Kjenneteikn på måloppnåing
Låg måloppnåing (2)Middels måloppnåing (3–4)Høg måloppnåing (5–6)
ProblemstillingProblemstillinga er uklar eller veldig vid.Problemstillinga er delvis klar, men kan spissast meir.Problemstillinga er klar og formulert slik at det er mogleg å svare på ho.
Handtering av dataData er lasta inn i Python (eller eit anna formålstenleg verktøy), men det er ein del feil og manglar.Data er lasta inn i Python (eller eit anna formålstenleg verktøy) på ein grei måte. Data er lasta inn i Python (eller eit anna formålstenleg verktøy) på ein god måte, og dei ulike tala er behandla på ein effektiv måte.
Analysering av dataDet er gjort nokre utrekningar til støtte for ein konklusjon, men desse er mangelfulle.Det går fram korleis du gir eit svar på problemstillinga ut frå talmaterialet.Du har brukt nyttige representasjonar av talmaterialet som dannar grunnlag for ein konklusjon på problemstillinga.
KommunikasjonDet er vanskeleg å følge resonnementa som dannar grunnlaget for konklusjonen.Dei ulike tala og grafiske representasjonane er ok, men litt mangelfulle.Det er god samanheng mellom dei ulike elementa i presentasjonen (tabellar, grafar, resonnement), og det er lett å følge resonnementa.
KjeldebrukDu har oppgitt nokre kjelder. Du har oppgitt kjeldene dine, og det er mogleg å sjå korleis du har brukt dei. Du har oppgitt kjeldene dine og brukt dei på ein god og formålstenleg måte, og samanhengen mellom kjeldene og presentasjonen er tydeleg.
CC BY-SASkrive av Tor Espen Kristensen og Tove Annette Holter.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2022

Læringsressursar

Arbeid med datasett