Hopp til innhald

Fagstoff

Sjølvstendig arbeid med reelle datasett

Læreplanen i R1 seier du skal "planlegge og gjennomføre et selvstendig arbeid med reelle datasett knyttet til naturvitenskapelige temaer og forhold og analysere og presentere funn".

Finn dataa sjølv

I vanlege oppgåver er data du skal bruke, vanlegvis gitt i oppgåveteksten. Her er det meininga at du sjølv skal finne fram til data du kan analysere.

Aktuelle tema

Du kan til dømes jobbe med tema som

  • temperaturmålingar

  • målingar av vasstand

  • talet på individ av ein art på ein bestemd stad over tid

  • energibruken i Noreg

  • posisjonen til ein sykkel som trillar ned ein bakke eller ei barbiedokke som hoppar i strikk

  • samanhengen mellom straum og spenning når ulike elektriske komponentar blir kopla til ei spenningskjelde

Kvar finn eg data?

I nokre av forslaga ovanfor kan du gjere målingar sjølv. Elles finn du data om det meste på nettsidene til Statistisk sentralbyrå (ssb.no) (SSB). Andre sider du kan finne tal og statistikk på, er

Kva gjer eg med dataa?

Ein mann og ei kvinne i kvite frakkar framom tusjtavle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I hovudemnet "Funksjonsanalyse og modellering" viser vi korleis du kan modellere data ved hjelp av funksjonar som så kan analyserast mellom anna ved hjelp av den deriverte. Vi har stort sett brukt GeoGebra til denne analysen. Tips: Når du skal importere tal inn i GeoGebra og har tala i eit vanleg rekneark, kan du kopiere tala og lime dei rett inn i reknearkdelen i GeoGebra.

Ein annan måte å analysere data på er å gjere statistisk analyse. På sida Behandling av store datamengder i Python (ndla.no) er det beskrive korleis du vel ut tal frå statistikkbanken med mediebruk i Noreg som døme, og korleis du kan bruke Python til å analysere dataa.

Resultata av analysane dine vil typisk vere grafiske framstillingar og konklusjonar du har trekt på grunnlag av analysane dine. På sida Metodar i utforsking (ndla.no) i NDLA si verktøykasse kan du lese meir om korleis du kan gjere eigne undersøkingar og behandle og presentere statistikk. Læraren din vil kanskje òg leggje nokre føringar for korleis du skal presentere resultata.

Kjelde

Utdanningsdirektoratet (2021). Kompetansemål og vurdering. Kompetansemål etter matematikk R1. Læreplan i matematikk for realfag (matematikk R) (MAT03-02). https://www.udir.no/lk20/mat03-02/kompetansemaal-og-vurdering/kv293

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2021

Læringsressursar

Arbeid med datasett