Hopp til innhald

Fagstoff

Om faget matematikk R1 på NDLA

Velkomen til matematikk R1!
Dektorativ illustrasjon med teksten R1. Illustrasjon.

Oppbygginga av fagsidene

Utklipp frå matematikkside på ndla.no som viser at fagstoffsider er grøne og oppgåvesider er oransje. Skjermutklipp.

Sidene våre består av grøne fagstoffsider med teori og oransje oppgåvesider. Fagstoffsidene kan òg innehalde spørsmål og mindre oppgåver eller aktivitetar som høyrer til teorien som blir presentert. Det er meininga at du skal jobbe med dette før du går vidare.

Kvar fagstoffside har eigne oppgåvesider. Ut frå rekkjefølgja på sidene kan du sjå kva oppgåvesider som høyrer til kvar.

Utklipp frå ei oppgåveside på ndla.no som viser korleis den klikkbare boksen med løysingsforslag ser ut. Skjermutklipp.

Til dei fleste oppgåvene er det eit løysingsforslag, ikkje berre ein fasit med riktig svar. Løysingsforslaga er "gøymde" i klikkbare boksar rett under kvar oppgåve eller nedst på sida. Vi tilrår at du jobbar grundig med oppgåvene og berre kikkar på løysingane i nødstilfelle eller for å sjekke om løysingsmetoden din gav rett svar.

Jobb digitalt med faget

Du kan arbeide heilt digitalt i matematikkfaga om du vil. Dei fleste oppgåvene kan lastast ned som tekstfiler til PC-en din. Dei aller fleste større skriveprogram har ein innebygd formeleditor som du kan leggje inn matematiske formlar med når du jobbar med oppgåvene. Oppgåvefilene har ikkje innebygde løysingsforslag, men løysingane finn du på nettsidene.

Vi har òg ein del interaktive oppgåver. Du kan sjå om ei oppgåve er interaktiv dersom tittelen byrjar med "Kva kan du om ..." eller liknande. Med desse oppgåvene kan du teste om du har fått med deg viktig fagstoff.

Geogebra

Logoen til programmet GeoGebra. Skjermutklipp.

Du kjem til å bruke det matematiske programmet GeoGebra mykje i faget. Matematikksenteret har gitt ut ein nyttig opplæringsmanual til dette programmet.

Algoritmisk tenking og programmering

Algoritmisk tenking og programmering er ein del av matematikk R1. På sidene våre er det mange stader bygd inn ein programmeringseditor som du kan bruke til å løyse oppgåver som krev skriving og køyring av programkode. Vi tilrår likevel at du lastar ned ein eigen programmeringseditor eller eit eige programmeringsmiljø slik at du kan lagre dei programma du lagar. Eit mogleg val her er pakken Anaconda Navigator, som inneheld både Jupyter Notebook og programmeringseditoren Spyder.

Dersom du treng ein repetisjon av algoritmar og programmering, kan du bruke sidene våre til faget matematikk 1T. Der får du ei grunnleggjande opplæring i algoritmar og programmering med språket Python.

Skjermutklipp frå ei side på ndla.no som viser innhaldsknappen øvst til venstre på nettsida. Skjermutklipp.

I tillegg til søkjefunksjonen på sidene kan du enklast finne innhaldet ved å starte på fagframsida og trykkje på dei blå emneknappane, som viser innhaldet i kvart emne. Ein alternativ måte å sjå strukturen i faget på er å bruke den blå innhaldsknappen øvst til venstre. Denne knappen er der alltid så lenge du har valt eit fag på ndla.no.

Skjermutklipp som viser knappen for vising av tilleggsressursar slik han framstår ved bruk av innhaldsknappen på sidene til ndla.no. Skjermutklipp.

Når du har valt eit emne, ser du kva innhaldet i emnet er. Dersom emnet har tilleggsressursar, vil det vere ein brytar å klikke på for å vise desse. Tilleggsressursar er fagstoff som kan støtte opp under opplæringa i faget, men som ikkje er absolutt naudsynt.

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2021

Læringsressursar

Om faget