Føremål
Mange unge har eit einsformig kosthald som inneheld lite frukt og grønsaker. Gjeld dette deg? Eit einsformig kosthald gjer at du ikkje får i deg alle næringsstoffa kroppen din treng, og det vil over tid redusere viktige funksjonar i kroppen din. Å utforske gode kjelder til ulike vitamin kan vere eit nyttig hjelpemiddel for å prøve ut nye matvarer og bli klar over næringsinnhaldet i matvarene. Dessutan kan det kanskje føre til at du et meir frukt og grønsaker framover?
Førebuingar – lærar
Kjøp inn eit breitt utval av frukt, bær, nøtter og grønsaker, slik at du får med gode kjelder til alle vitamina. Kjøp hovudsakleg inn matvarer som det er lett å få tak i på lokalbutikken, og som kan etast rå. Men kjøp gjerne inn nokre meir eksotiske variantar òg.
Del opp matvarene i små porsjonar, slik at dei fungerer godt som smaksprøver til elevane.
Forslag til smaksprøver:
Appelsin, jordbær, pasjonsfrukt, gulrot, banan, drue, kiwi, mandlar, hasselnøtter, eple, pære, rips, blåbær, vassmelon, molter, tomat, spinat, blomkål, brokkoli, morellar, blodappelsin, solbær, tørka frukt, stongselleri, kålrot, rucola, nepe, bringebær, paprika, avokado, nyper, persille, granateple, bjørnebær, fiken, honningmelon, sitron, sukkererter, oliven, persimon, physalis, stikkelsbær, mango, ananas, pitahaya, papaya, reddik.
Utforsk
- Vel ei smaksprøve du veit at du liker. Lukk auga, og kjenn etter korleis smaken er. Beskriv smaken med tre ord.
- Vel ei smaksprøve du ikkje har prøvd før, og gjer det same som på trinn 1.
- Lag ei oversikt over alle smaksprøvene. Systematiser kva vitamin kvar smaksprøve inneheld, og kva funksjon kvart vitamin har i kroppen din.
- Utforsk flest mogleg av smaksprøvene. Var det nokon smakar som overraska deg?
- Finn døme på korleis du i kvardagen kan få dekt alle vitamina i kosthaldet ditt.
Ein tommelfingerregel for å få i seg ei passe mengd vitamin er å ete så fargerikt som mogleg kvar dag.