Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Frå postkort til snap

Nokre spørsmål til teksten "Frå postkort til snap".
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Les sida "Frå postkort til MMS" og svar på spørsmåla:

  1. Gi nokre døme på sjangrar som har endra seg, eller som har gått ut av bruk.
  2. Nemn nokre årsaker til at sjangrar endrar seg.
  3. Finst det nokre sjangrar som vi alltid vil ha bruk for? Gi i så fall døme som underbyggjer svaret ditt.
  4. Kva sjangrar bruker du oftast i kvardagen? Samanlikn med ein medelev. Trur de at sjangrane de bruker er dei same som foreldra dykkar bruker? Grunngi svara!

  5. Pamflett, krønike, topografisk skildring, aforisme og skillingstrykk er nokre døme på gamle sjangrar. Kva slags tekstar er dette? Finst dei framleis?

    Slå opp i Wikipedia eller Store norske leksikon og finn ut.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2020

Læringsressursar

Litt om sjanger