Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sjangerinndeling

Oppgåve 1

Kva røper sjangernamnet?

Sjangernemningar framhevar bestemte karakteristiske trekk ved ein tekst, til dømes form, formål, emne (tema), sendar, mottakar, medium eller situasjon.

Sjå på lista over ulike typar dikt nedanfor. Kva for sider ved teksten er det "sjangermerkelappen" seier noko om?

Døme

Nemninga barnedikt fortel kven som er målgruppa for diktet.

  1. barnedikt
  2. heltedikt
  3. limerick
  4. kampdikt
  5. figurdikt
  6. kjærleiksdikt
  7. skaldedikt
  8. vekeblad-dikt
  9. bryllaupsdikt
  10. vaksendikt
  11. haiku-dikt
  12. fotballdikt
  13. høvesdikt
  14. naturdikt
  15. hyllingsdikt
  16. morodikt

Oppgåve 2

Kva røper sjangernamnet?

Sjangernemningane i lista nedanfor er samansette uttrykk.

  • Forklar kva slags informasjon sjangernamna gir.
  • Forklar med eigne ord kva som er typisk for sjangeren.

Døme

Sjangernamnet avisreportasje seier noko om medium (avis) og form (reportasje). Ein reportasje er ein journalistisk tekst der journalisten har vore "i felten", besøkt stader, intervjua folk og skriv om dette. Ein avisreportasje er ein reportasje som vert trykt i ei avis, eller vert lagd ut på nett.

  1. møtereferat
  2. dyreeventyr
  3. gutebok
  4. historisk roman
  5. bryllaupstale
  6. hatmelding
  7. stemningsrapport
  8. norskblogg
  9. sportsrevyen
  10. jussforelesing
  11. ættesaga
  12. brukarrettleiing
  13. russerevy
  14. telefonsamtale
  15. skillingsdikt
  16. vekeblad

Oppgåve 3

Hovudsjangrar og undersjangrar

Vel ein av sjangrane frå lista nedanfor. Gi fem døme på undersjangrar, og forklar kort kva inndelinga byggjer på.

Døme

Eventyr kan delast inn ulike typar:

  • undereventyr
  • dyreeventyr
  • skjemteeventyr
  • legendeeventyr
  • regle-eventyr
  • eventyr om menneske som lurar dei underjordiske

Inndelinga legg vekt på kva eventyra handlar om (innhaldet). Nemninga regle-eventyr seier dessutan noko om forma.

  1. dataspel
  2. spelefilm
  3. teikneserie
  4. tv-underhaldning
  5. drama
  6. reklame
  7. jazz
  8. rock
  9. klassisk musikk

Oppgåve 4

Hovudsjangrar og undersjangrar

Opne bilete i eit nytt vindauge

Ta for deg anten romansjangeren eller spelefilmsjangeren. Finn døme på undersjangrar som seier noko om

  1. mottakar (målgruppe)
  2. innhald
  3. form
  4. formål
  5. sendar
  6. medium

Du skal berre finne eitt døme til kvart punkt.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2018

Læringsressursar

Litt om sjanger