Øving
Vel yrkesfag – bli ingeniør!
Relatert innhald
Fagstoff
Kommentert tekst: Vel yrkesfag – bli ingeniør!Døme på femavsnittstekst, med kommentar. Tema: yrkesval.
Les tekstdømet "Vel yrkesfag – bli ingeniør!" og jobb med spørsmåla nedanfor:
- Kva er tema for dette lesarinnlegget, og kva syn er det skrivaren forfektar?
- Kva for ei målgruppe vender ho seg til?
- Innlegget følgjer i all hovudsak grunnoppskrifta «den gylne handa». Peik på konkrete trekk ved teksten som provar dette.
- Korleis bruker skrivaren eigen person og eigne røynsler (= eige truverd) i argumentasjonen?
- Sjå på setningsbygninga. Er setningane lange eller korte? Kva for konjunksjonar og subjunksjonar er brukte? Opplever du språket som lett eller tungt?
- Kva vil du seie er dei ti viktigaste plussorda i teksten? Er klassen samde om kva for ord som er viktigast?
- Kva for andre språklege verkemiddel har skrivaren brukt?
- Har skrivaren klart å velje innhald, språk og tone som kan overtyde målgruppa? Grunngi svaret.
Relatert innhald
Fagstoff
DisposisjonÅ lage ein disposisjon er å skrive ned stikkord til kva du skal seie, i den rekkjefølgja du har tenkt å seie det.