Eit førebilete - Norsk (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Litterære tekster

Eit førebilete

Forfattaren Kristine Rui Slettebakken er skodespelar og jobbar som teaterinstruktør for barn og unge. Teksten vart skrive i 2013.

Maria hadde førebilete. For det var viktig å ha nokon å sjå opp til. Det hadde mora hennar alltid sagt. Og var det nokon som tok formaningane til mora på alvor, var det henne. Maria var pliktoppfyllande, ansvarsfull – og ho hadde førebilete. Vakre førebilete. Vakre, slanke kvinner. Syltynne, med ferskenhud, ingen spor av cellulittar. Viss ho hadde stoppa og late att auga, hadde dei dukka opp på rekkje og rad. I korte cocktailkjolar og shorts, i bikini og høye hælar. Alle dei langbeinte, slanke modellane som ho etter kvart hadde fått eit stadig sterkare forhold til.

Men no kunne ho ikkje stoppe opp og late att auga. No måtte ho gå. Gå på med dei litt for korte og altfor tjukke beina sine. Telje skritta, og gå. Forbi det store, mørke vindauget ved Narvesen-bygget. Ho ville ikkje sjå inn i det, sjå spegelbiletet sitt, men ho måtte. For Maria var ambisiøs. Hun hadde førebilete, og ho hadde eit mål. Og på vegen mot det målet måtte ho fronte realitetane, ho måtte sjå sitt eige spegelbilete, oftare enn ho ønskte. Ja, så ofte som overhovud mogleg, hadde ho lovd seg sjølv. Sjå på dei slanke kvinnene, sjå på seg sjølv. Så sjå på dei slanke kvinnene igjen, og deretter tilbake på seg sjølv. På nytt og på nytt, same mønster. Premie og straff. Bruke kvar moglegheit, same kor ubehageleg det var. Spegelen på rommet sitt, spegelen på badet, i gangen, i garderoben i gymmen. Og så alle dei andre spegelbileta ute i byen, i dei mørke gatene, overalt der ho snubla rundt med kvapsete og feite føter. Ho måtte sjå, sjå og stire. Kjenne det langt inn, heilt inst inn. Den kvalme smaken i munnen. Ubehaget over å sjå seg sjølv. Sjå den tjukke skapningen, den vraltande vandraren i låge sko.

Men trass i ubehaget; ved sida av å sjå ein tjukk skapning, såg ho òg ei jente med ein plan, eit mål. I tillegg til feittet og den bleike huda såg ho òg det. Ei som var på veg ein stad. Når ho stod på vekta, såg ho det, og på dei uopna matpakkane som samla seg i søppelkassane langs skulevegen, såg ho det. Og innimellom, på dagar med viljestyrke av toppkarakter, såg ho det òg i doskåla. Langt igjen, men likevel på veg. Det gjaldt å halde seg sterk. Disiplinert.

Maria gjorde som ho hadde gjort kvar fredag det siste året. Ho forsvann inn i kiosken rett før stengetid og plukka med seg nye motemagasin. Raske rørsler, blikk over skuldra. Heime blei ho sitjande å studere, forstå korleis det skulle vere, korleis det måtte bli. Berre då, etter å ha fått nye bilete av utståande hoftebein i hovudet, kunne ho late att auga og tenkje på moglegheitene. Det som skulle opne seg. Den andre verda som ho visste fanst, den som ho venta på.

På skulen hadde det begynt å florere av kjærastepar. Og det var ikkje lenger flaue fjortisprosjekt som gjekk føre seg i det skjulte eller på festar. Plutseleg hadde fleire fått ordentlige forhold, og det var naturlegvis dei tynne jentene som stod med sine utvalde og klinte i gangane. Berre dei tynne, dei som hadde kroppar til sex og styrketrening og sol. Maria måtte forandre seg før ho kunne nærme seg noko som helst av det der. Ho var ekkel og tjukk, måtte halde seg vekk. Ho observerte likevel frå utsida, prøvde å få med seg korleis det heile fungerte, få med seg kven som tok dei ulike stega inn i fellesskapen til kvarandre. Ho likte at rekkja langs vindauget framleis var singel.

Maria hadde rutinar å følgje, oppgåver å gjere. Morgontur, ettermiddagstur og kveldstur, alltid kjappe steg og den same runden. I det siste med tyngre steinar i lommene. Ho tenkte på rumpa og låra som dissa, at ho aldri fekk forbrunne nok. Og ho tenkte på dei glatte, solbrune beina til dama på den nyaste framsida. Korleis det ville vore å vere henne. Somme gongar, når ho hadde komme opp i det riktige tempoet, det raskaste tempoet, når skritt-tellinga nærast gjekk av seg sjølv, var det som om det begynte å flyte i henne. Og det var då det kunne skje, det var i den flyten ho kunne leve seg inn i det. Det var då det kunne komme, alt det ho ville finne fram til. Den herlege, lette kjensla av å vere ein heilt annan. Vere ho med dei solbrune beina, ho med den flate magen, dei klare auga, dei tydelege kinnbeina. Kor enkelt det var å vere henne. Kor mange moglegheiter som opna seg. Kor mange framtidsplanar som blei lagde i den flyten, med mage, rumpe og bein som var på plass. Og sånn kunne ho gå og flyte av garde, vere lett, til og med glad, heilt til ho plutseleg kom til eit vindauge og fekk sjå ein annan. Seg sjølv. Og dei gongene når vindaugsglasa kom overraskande på, når spegelbileta liksom spytta henne tilbake til den smellfeite utgåva, til den dissande feittklumpen som var den faktiske Maria, blei det tomt. Tomt, og så meiningslaust at ho nesten kunne finne på å kjøpe seg ein sjokolade.

Det var ein av dei dagane ho hadde stått opp tidlegare enn normalt. Lenge før dei andre i huset vakna, hadde ho teke fatt på den vanlege morgonturen. Inn i skogen, rundt tjernet, ned stien til løkka bak idrettshallen. Og det var på morgonar som denne, når ho visste at ingen var vakne, at ho kunne våge seg på intervall i bakken ved fotballbanen. Dundra med flesket, dissar opp, dissar ned.

Andpusten, nesten kvalm, og berre med ein halv runde igjen; stopp. Ho stivna midt i bakken. Av ei rørsle, ei stemme? Og plutseleg merka ho det i sidesynet. Inn frå høgre, ein slentrande figur. Maria svelgde, visste at ho ikkje hadde anna val enn å snu seg, snu seg i retning inntrengaren. Og det var som om ho såg seg sjølv i sakte film akkurat då. Den tjukke skapningen vrir seg, hudfaldane beveger seg sakte, tungt, opp og ned. Lukta av sveitt feitt strøymer ut av alle porar, alle tenkjelege opningar. Det smelter, brenn, svir.

Han stod der med eit heilt nytt blikk, ingen ord, berre intense auge. Som om noko stod på spel, og ho var sikker på at ho visste kva som ville komme. Dundra med flesket, dissar opp, dissar ned. Bakarste mann på rekkja langs vindauget. Han som pleidde å smile. Ein av dei få som faktisk pleidde å smile til henne. No stod han der med auge som var på veg til eitt eller anna. Auge det gjekk føre seg ting i. Det var ikkje smil i dei, det var noko heilt anna. Han var vorten kvalm av henne. Det var openbert det som hadde skjedd. Dundra i rørsle, langt meir kvalmande enn sitjande framom han på vindaugsrekkja.

Det kjendest som ei æve. Ho sa ingenting, og han var dønn stille. Den store joggebuksa klistra seg fast til feittet, ho tenkte på korleis det måtte sjå ut. Gå. Gå vekk. Maria festa blikket på ein fugl eit stykkje opp i bakken. Ein pjuskete, grå liten tass. Han kunne fly når det passa han. Han kunne forsvinne så lett som berre det.

”Du må slutte.”

Det støkk i henne. Han snakka, stemma var alvorleg. Ho kikka på han. Så han opne munnen på nytt, og så kom det. Dissar opp, dissar ned.

”Du er vorten for tynn, Maria. Du ser sjuk ut.”

Stod han der og gjorde narr av henne? Stod han der og laug henne opp i fjeset?

”Har du tenkt at vi skal miste deg? Er det det du prøver på? Å forsvinne?”

Han svelgde. Snakka mens han svelgde, snakka fort. Det var som om det fylte seg opp, som om det blei for mykje der inne, for mykje spytt, for mykje som måtte ut. Men likevel stod han der og insisterte på kvart ord, svelgde og fortsette, som om det var ein kamp, som om orda blei pressa ut av han frå ein annan stad, frå nokon andre enn han sjølv. Og auga hans. Dei var så mykje større enn før no. Kunne han stå og gjere narr av henne med dei auga? Meinte han det han sa? At ho var vorten for tynn?

”Mora mi seier det er viktig med førebilete, og søstera mi har valt seg ut deg, vorten heilt oppslukt. Ho sit i vindauget og ser deg gå og springe alle dei rundane dine. Du er ikkje frisk. Du må skjerpe deg.”

Maria kjende det stikke i brystet, klø under føtene. Ho burde seie noko, men munnen var sand, tunga ein daud ål.

”Hadde eg ikkje likt deg, likt deg skikkeleg godt, hadde eg aldri sagt noko.”

Ein fugl som lettar, ein kvist som knekk.

”Men greia er at eg liker den du er. Frå før av. Ikkje den du prøver å bli.”

Ho såg på hendene hans. Knytte nevar med kvite knokar. Han stod og spende heile kroppen og sa at han likte henne. Ho hadde ikkje høyrt feil, og det fortsette å spele av der inne, inni det sveltesvimle hovudet. At han likte henne, likte den ho var.

Avspilling. Musikk.

Det svarte teppet sank rolig ned, lét att auga hennar. I mørket på det doggvåte graset, med eit nesten umerkeleg smil om munnen, hugsa ho berre at ho nikka då han spurde:

”Lèt du meg hjelpe deg?”

Rui Slettebakken, Kristine (2013)

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Eit førebilete

Er kropp den nye religionen? Sjå på tekstar som tek opp dette temaet.

Skrive av Kristine Rui Slettebakken. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 01.01.2013