Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Gå i djupna på temaet klimaflyktningar

Menneske på flukt frå klimakrise er eitt av temaa i Maja Lunde sin roman Blå. Les utdraget og gå i djupna på temaet klimaflyktningar.
Vatn blir tømt i glass. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I utdraget frå romanen Blå er året 2041. David og dottera Lou er på flukt på grunn av ei langvarig tørke. Tørka er skapt av klimaendringar som har gjort Sør-Europa til ein stad det nesten er umogleg å bu. Det er høge temperaturar og vassmangel. David og Lou leitar etter mora til Lou, og broren August. Dei blei skilde frå kvarandre under flukta.

Relatert innhald

Oppgåve 1. Ein sannsynleg framtidsvisjon?

  1. Flyktningleiren som du les om i utdraga, ligg i Frankrike. Kor såg du for deg at denne leiren låg då du las teksten?
  2. Kven er eg-personen i dette utdraget?
  3. Forfattaren bruker både og som forteljarteknikkar i dette utdraget. Finn døme på begge i teksten. Korleis markerer forfattaren dialogen i teksten? Og korleis markerer ho den indre monologen?
  4. Tenk først på kva du treng vatn til i løpet av ein vanleg dag. Korleis hadde kvardagen vore om du hadde mangla vatn? Del svara dine med ein medelev.
  5. Kvifor blir David så bekymra når han ser at vasstankane berre er halvfulle?
  6. Er det sannsynleg at Sør-Europa blir ramma av tørke og vassmangel i 2041? Gjer eit nettsøk og sjå om du finn gode kjelder som støttar denne framstillinga av framtida.
  7. Del og diskuter det du fann ut i nettsøket ditt med ein eller fleire medelevar.
  8. Kva trur du skjer vidare i boka, etter denne siste linja?

Men med ett var det noen som skreik og overdøva alt. “Ungen! Nei!”

Oppgåve 2. Å leve som flyktning

Skriv ein kort tekst (ca. 800 teikn) der du beskriv livet i ein flyktningleir.

  • Bruk eg-forteljar.
  • Bruk både dialog og indre monolog for å framstille handlinga.

Oppgåve 3. "Menneska"

  1. Sjå musikkvideoen "Menneska" som det er lenkja til nedanfor.
  2. Tenkjeskriv i tre minutt om tankar og kjensler videoen vekkjer i deg.
  3. Kva tolkar du som hovudbodskapen til denne musikkvideoen?
  4. Diskuter: Gir videoen deg nokon nye perspektiv på utdraget frå Blå, og omvendt?

Reglane for tenkjeskriving:

Du må skrive samanhengande i tre minutt. Ingen andre enn du skal lese det du skriv. Viss du ikkje veit kva du skal skrive, skriv du akkurat det – til du kjem på noko anna å skrive. Ikkje les det du skriv undervegs medan dei tre minutta løper. Ikkje slett eller stryk ut noko.

Relatert innhald

Songteksten og musikkvideoen til "Menneska".

Oppgåve 4. Klimaflyktningar

  1. Kva er likskapar og forskjellar mellom menneske som er på flukt i dag og David og Lou i Blå?
  2. Gjer eit nettsøk der du ser etter samanhengen mellom klimaendringar og flyktningar i dag. Kvar flyktar dei frå? Kvar flyktar dei til?
  3. Diskuter: Korleis kan vi hjelpe klimaflyktningane både i dag og i framtida?

Oppgåve 5. Skriv sjølv

Vel ein av desse:

  1. Skriv ein fagartikkel om klimaflyktningar no og i framtida.
  2. Skriv ei novelle eller eit essay om klimaflyktningar no og i framtida.
CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2020

Læringsressursar

Naturen og mennesket