Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Unnskyld dyr! Ein film om Gunda

"Det er unnskyldninga mi til dyra", sa regissøren Victor Kossakovsky om dokumentarfilmen Gunda. Hovudrolleinnehavaren er den norske grisen Gunda, som lever eit fritt og godt liv. Men filmen viser òg at dyra berre har eitt formål: Å tene oss menneske. Korleis kan denne filmen påverke oss?
Utsnitt frå filmen "Gunda". Ein gris med ein grisunge. Foto.

Del 1: Diskuter forholdet mellom menneske og dyr

Diskuter i grupper:

  • Kor opptekne er de av dyrevelferd?

  • Et de kjøtt? I så fall – tenkjer de over kva slags liv dyret de har ete, levde? Kvifor (ikkje)?

  • Meiner de grisar og menneske er like mykje verd? Grunngi svara dykkar.

Del 2: Ein historieprofessor om jordbruk

Mann står bak ei bunke med bøker. Alle bøkene har tittelen: "Sapiens". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Yuval Harari er professor i historie og har blitt verdskjend for bøkene sine om mennesket si utvikling. I boka Sapiens skriv han dette om jordbruksrevolusjonen og mennesket si behandling av dyr:

Jordbruket utløste nye bølger av masseutryddelse., men det viktigste var at det skapte en helt ny livsform på jorden: domestiserte dyr. [...] Dessverre kan menneskene påføre gårdsdyr fryktelige lidelser på mange ulike måter samtidig som de sørger for at dyrene overlever og formerer seg. [...]. Menneskene som eier dem, spenner dem fast i trange metallbur, vanligvis på to meter ganger 60 centimeter, under hele drektigheten. Disse båsene har betonggulv og metallsprosser og gjør det sjelden mulig for drektige sugger å snu seg rundt eller sove på siden, og de kan i hvert fall ikke gå. [...] Under naturlige forhold dier grisungene moren i ti til 20 uker, men på industrielle gårder blir de avvent med makt i løpet av av to til fire uker, skilt fra moren og sendt av gårde for å fetes opp og slaktes. Moren blir straks gjort drektig igjen og sendt tilbake til metallburet for å gå i gang med en ny syklus. [...] Sugger som spennes fast i trange metallbur, viser ofte skiftevis akutt frustrasjon og dyp fortvilelse. (Harari, s. 75–78)

Blir gris behandla slik i Noreg?

Harari beskriv industrielt dyrehald i Vesten generelt. I Noreg har vi eit lovverk som vernar dyr frå slik behandling. Du kan til dømes lese om kva lover som gjeld for svinehald i "Forskrift om hold av svin" på Lovdata.

Les utdraga frå boka over

  1. Formuler det du meiner er formålet med denne teksten.

  2. Kva verkemiddel bruker avsendaren for å nå fram med bodskapen sin? Bruk fagomgrep.

  3. Diskuter deretter med ein medelev: Påverka denne teksten deg på nokon måte? Grunngi svaret ditt.

Del 3: Sjå filmen Gunda

No skal de sjå filmen Gunda. For mange vil nok filmen opplevast som stilleståande, sidan han rett og slett berre viser dagleglivet til ein grisefamilie, nokre høner og ein flokk kyr. Legg mobilen og andre distraksjonar langt bort og konsentrer deg om det som skjer på skjermen.

Etter filmen

  1. Skriv fritt i fem minutt om opplevinga di av filmen.

  2. Bruk deretter to minutt til å beskrive det du meiner er formålet med filmen.

  3. Diskuter både eigne opplevingar og det de meiner er formålet med filmen i grupper og i heil klasse.

Samanlikn bodskapane til Harari og Kossakovsky

Diskuter i grupper:

  1. Filmen om Gunda viser grisar som har gode liv, medan teksten til historieprofessor Yuval Harari handlar om eit industrielt jordbruk der grisane lever i tronge båsar. Kan de likevel sjå nokon likskapar mellom filmen og Hararis tekst? Forklar!

  2. I starten diskuterte de eigne haldningar til dyrevelferd. Har de endra meiningar etter å ha lese Hararis tekst og sett filmen Gunda? Grunngi svaret.

A. Skriv ein tekst i gruppa

Skriv ein kort refleksjonstekst i gruppa der de reflekterer rundt desse påstandane:

  • Vi må alle vere villige til å betale meir for kjøtt for å sikre god dyrevelferd.

  • Alle grisar bør ha det som Gunda. Det forpliktar nemleg å halde dyr i fangenskap.

  • Filmen om Gunda er ikkje realistisk. Viss alle skulle ha det som henne, hadde vi ikkje hatt nok kjøtt til å brødfø menneska på kloden.

B. Les høgt for klassen

Les teksten dykkar høgt for klassen. Diskuter dei standpunkta de har komme fram til i gruppa med resten av klassen.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2022

Læringsressursar

Naturen og mennesket