Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dykk i djupet på mennesket og naturen

Mennesket har til alle tider levd i og av naturen. Vi har vore både jegerar, sankarar og bønder. Men kva for konsekvensar får det når vi blir herskarar over naturen? I denne oppgåva skal du fordjupe deg i tekstar som handlar om korleis vi menneske behandlar naturen.

Å fordjupe seg betyr ifølgje ordboka "å gå til botnars" og "samle tankane sine". Når du dykkar i djupet på eit emne, vil du sannsynlegvis både få meir kunnskap og forstå meir. Denne oppgåva legg vekt på det norskfaglege, men i djupnelæring kan det vere lurt å trekkje inn kunnskap frå fleire fag for å forstå temaet godt. Når du skal gå i djupna på eit tema, kan du gjerne jobbe tverrfagleg. Denne oppgåva legg vekt på det norskfaglege, men når du skal fordjupe deg i mennesket og naturen, passar nok særleg samfunnsfaglege emne inn.

Kva er djupnelæring?

Djupnelæring inneber at du

  • først skal avdekkje kva du kan om eit tema
  • så skal byggje opp ny kunnskap gradvis. Bruk gjerne mange ulike teksttypar: dokumentarfilmar, fiksjonsfilmar, saktekstar og skjønnlitteratur.
  • ser etter likskapar og forskjellar mellom tekstane
  • byggjer kunnskap i samspel med både medelevar og læraren din: diskuter, vurder og lytt!
  • analyserer og reflekterer over tekstane du bruker undervegs
  • reflekterer over eiga læring undervegs og mot slutten av prosessen

Tilrådingar

Mange av tekstane vi tipsar deg om under er utdrag frå bøker. Om du verkeleg vil gå i djupna, bør du lese ei heil bok. Les gjennom utdraga og finn ut kva for eit / kva for nokre utdrag du synest er mest interessant(e). Gå deretter på biblioteket og lån boka.

Eit godt tips i startfasen er å lage ei problemstilling du ønskjer å finne svar på. Skriv gjerne ned nokre spørsmål du lurer på heilt i starten. Etter kvart kan du forme desse spørsmåla til ei problemstilling. Ikkje ver redd for å endre formuleringa i problemstillinga undervegs. Hugs at problemstillingar er dynamiske!

Tema: Mennesket og naturen

Korleis stiller det moderne mennesket seg til naturen og dei dystre spådomane til klimaekspertane? Og kvifor er vi ute av stand til å handle riktig, når vi veit kva som er gale?

Les!

Sjå! Høyr!

  • Klimaappellen til Karl Ove Knausgård i Oslo, 2017. (Sakprosa/appell)
  • Blå av Maja Lunde (Romanutdrag)
  • Riv Skiten! av Johan Harstad (Sakprosa)
  • Novella (uten tittel) av Roskva Koritzinsky, publisert på nettsida Forfatternes klimaaksjon. (Novelle)
  • Begynnelser av Carl Frode Tiller (Roman)
  • Mengele Zoo av Gert Nygårdshaug (Roman)

Forslag til problemstillingar

  • Korleis blir klimaangst framstilt i ulike tekstar?
  • Korleis reagerer menneske ulikt på trusselen frå menneskeskapte klimaendringar?
  • Korleis blir forholdet mellom menneske og natur framstilte i tekstene om klimakrise?
  • Kva for verkemiddel bruker ulike tekstar for å advare om klimakrisa?

Forslag til korleis du kan leggje fram funna dine

I norskfaget blir det forventa at du trekkjer inn døme frå tekstar du har lese når du skal presentere emnet du har fordjupa deg i. Her kjem forslag til korleis du kan leggje fram funna dine:

  • Skriv ein fagartikkel der du reflekterer over ulike perspektiv på kjønn og identitet.
  • Lag ein podkast. Gå saman i grupper på tre eller fire og diskuter dei ulike perspektiva på kjønn og identitet som kjem fram i tekstane.
  • Hald eit foredrag om ulike perspektiv på kjønn og identitet i tekstar.
  • Foredrag med rollespel: Gå saman i grupper. Hald eit foredrag, men veksle mellom klassisk foredrag og rollespel. Bruk scener frå tekstane de har lese for å illustrere poenga de vil ha fram.
  • Arranger ein klassediskusjon. Alle i klassen les tekstar. Vel ut to medelevar som skal leie diskusjonen.
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2020

Læringsressursar

Naturen og mennesket