Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skrekkvisjonar om framtida

Fleire filmar, TV-seriar og romanar framstiller tenkte framtidsverder der alt har gått gale. Dei viser samfunn som har brote saman fordi menneska i vår tid har tatt dårlege val. Vi kallar desse tekstane for dystopiar.

Oppgåve 1

  1. Kva for dystopiar kjenner du frå før? Skriv ned dei du kjem på før du snakkar med ein medelev og får fleire tips derfrå.
  2. I slike framtidsforteljingar ligg det gjerne ein kritikk av forhold i samfunnet vårt i dag. Kva slags samfunnskritikk er det i tekstane de har på lista? Diskuter med medeleven og kom med eit forslag til minst to av tekstane.

Oppgåve 2

Samanlikn kortfilmen "Føkk Fossils II – tipping point" og utdraga frå Maja Lundes roman Blå.

  1. Kvifor er personane i tekstane i ei krise? Kva har skjedd?
  2. Kva for likskap finn du i dei to historiene? Kva er ulikt? Lag gjerne eit skjema der du viser dette, som eit Venn-diagram.
  3. På kva måte kan vi seie at desse to tekstane er samfunnskritiske?
  4. Lèt du deg påverke av slike dystopiar? I så fall korleis? Grunngi svara dine!

Oppgåve 3

Sjå for deg eit samfunn i framtida der vi har løyst klimakrisa. Skrekkvisjonane som er framstilte i "Føkk Fossils II – tipping point" og Blå blei ikkje ein realitet.

  • Korleis ser eit slikt samfunn ut?
  • Kva har vi gjort for å komme dit?

Diskuter med ein medelev først. Samarbeid så om å lage ei kort skildring av dette samfunnet og kva som har skjedd. De kan til dømes skrive, teikne eller lage tankekart.

Presenter skildringa og forklar kva de har tenkt for resten av klassen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 30.10.2019

Læringsressursar

Naturen og mennesket